24. desember 2008

Feliz Natal!

Skreve 23/12.

Dette vert då felles julegåve til dykk heime.
Eg ser ikkje poenget i å beklage dårleg oppdatering, då eg har gjort det kvar gong til no, og eg ikkje greier å forbetre meg:O Tida går berre for fort.

No er jule-almoçoen overstått. AFS må vere skrudde, då dei berre arrangerar éin lusen ettermiddag. Eg meiner, ei helg er longt ifrå nok sjølvom me berre var halvparten af AFSerane i landet, og når me for denne eine gongen var samla ilag, var det berre for nokre timar. Men herleg var det dog:)
Det vart ikkje heilt som me hadde planlagd i den første campen med å berre prate portugisisk til jul, men jaja:)

Eg køyrde dit ilag med Juan og mora, og etterpå drog me til verdas søtaste by (hugsar ikkje namn), som i desember kvart år er "Vila de Natal". Makan til koseleg. Følte meg som i ein teiknefilm med julemusikk i alle dei trange gatane, lys over gatane, julepynt i dei bittesmå butikkane, og brente mandlar og varm sjokolade til salgs på kvart hjørne.

No har eg juleferie. Ikkje til å tru. Eg har fullført ein av dei tre periodane dette skuleåret. Eg har også hatt min siste dag ilag med 11C. Etter ferien byrjar eg i 11A, og blir slengd inn i realfaga etter tre mnd utan å gjere noko særleg. Skal bli deilig å gjere noko nyttig igjen. Og vite at eg kan bruke det når eg kjem att:)

Véret vert betre no då me nærmar oss jul. Dei siste dagane har vore nydelege, med steikjande sol. Eg frydar meg, og folk ler fordi eg fortel at dette er som i mai i Noreg. Ikkje mykje julestemning, men det er ikkje så fælt heller, akkurat. :D

Eg er enno ikkje heilt ferdig med presangane, men det ser ut til at jobbinga er verdt strevet:) Eg kjem til å få tre gongar så mange presangar som vanleg visst. Alle ligg nemle under juletreet, og har gjort i to veker. Eg som var redd for å verte gløymd, haha:)
Hurra, post:D I går var det Brev frå Irene, dei "gamle" i Noreg, pakke fra brorsan, og lapp om ein pakke som ikkje fekk plass i postkassen:) Aaah, deilig! Takk allesammen:)
Sjølvom eg vandra dei 20 min til posten åleine, og sjølvom postmannen no bør kjenne meg ganske godt etter kvart, fekk eg ikkje pakken i går, fordi eg ikkje hadde teke med passet mitt, og han fekk for seg at det ikkje heldt med visa-kortet mitt (sjølvom det vanlegvis rekk). Pripne gubbe.
I dag var eg innom igjen. Yey! Eg har berre verdas beste venner:D
Hahaha, Eirin, Hallvard og Stina hadde sendt ein herleg pakke, med brunost, sjokoladeplate, melkerull, knust sjokoladenisse, smørbukk, Her&Nå og "Tre nøtter til Askepott". Fy søren, så digg:D

Livet går forsåvidt sin vante gang her. Det gjekk eit ljos opp for meg sist veke. Høyrde "My Hometown" (Bruce Springsteen) på veg heim ein dag. Plutseleg følte eg meg som ein del av denne daude byen. Herleg:) Eg er heime. Heimeheimeheime:D Nydeleg. Som vanleg har eg det berre betre og betre.

Juletradisjonane her er faktisk ikkje så ... intense som me har det heime. Det einaste som tydar på jul er treet i hjørna med haugar av pakkar under. Det er ikkje noko som heiter adventssøndag, julekalender, kakebaking eller noko. Kanskje difor eg ikkje fattar at det er jul i morgon.
Fekk ferie på torsdag, og Charlotte og eg drog til Forum Almada. Fiksing av julegåver etc. Det hender jammen mykje uvanleg her. Dette er det mest spontane eg har gjort nokon gong; Me kjøpte skateboard. Ingen av oss har okon gong prøvd, men me snubla over eit tilbod me ikkje kunne motstå, og gjekk hikstande ut av butikken med kvart sitt brett under armen mens me tørka tårene. Jaja:) Ikkje sei me ikkje prøvar nye ting iallfall! Har bestemt oss for å lære dette no, og starte skuleåret ved å skate til skulen. Det siste er eg dog usikker på. Som om ikkje folk glor nok frå før. Haha:D Prøvte oss på veg til supermarknaden på laurdag, og det var vel ganske underhaldande.

På fredag stod me TIDLEG opp, fordi det var juleavslutning i luftforsvaret, og eg, Luisa, Pedro og Mariana drog til Montijo. Ein flygarasje var pynta, og me var til katolsk messe. Interessant å sjå, men eg var døden nær av kulde.
Etterpå var det gratis sukkerspinn og popkorn til ungane, og show med tryllekunstar, klovnar og syngjing. Då eg var så frosen at eg høyrde isen knase i føtene då eg reiste meg opp, gjekk me utanfor der ein moderne julenisse kom svevande, hengjande frå eit militærhelikopter, og så fekk alle ungane pakkar. Kan ikkje seie anna enn at det var temmeleg gjennomført.
Om kvelden var eg med Sara (nabo) og onkelen og tanta hennar, Vanessa og ei anna venninne i Lisboa for å sjå det dei sa er verdas største sirkus. Eg trur ikkje heilt på det, men det var iallfall noko anna enn Sirkus Arnardo i Saudasjøen. Dyrevenen Julie fekk fnatt av å sjå løvar og elefantar tvungne til teite triks, men elles var det ganske bra. Og kult å seie "der har eg vore" når dei viser det på TV dagen etter:D

Laurdag fekk Charlotte besøk av Damla (Tyrkia), og ettermiddagen og kvelden gjekk med til baking av pepperkaker og diverse anna med Vanessa og Yulia frå klassen min. Livatt:) Sjølv om kakene ikkje vart perfekte. Ok, me svidde 60% av dei, men uansett smakar dei litt underleg. Dykk anar ikkje kor frustrerande det er å skulle bake noko her! Dei har jo aldri det som trengs. Sirup er det same som karamellsaus. Men jaja, smakar då jul likevel:)
Etterpå såg me "Polarekspressen":)

Søndag fór eg til Lisboa ilag med Juan. Me er nokre kløpperar i å ta oss rundt etterkvart, takka vere den stygge turistboka hans. Brukte vel gjerne tre timar på å berre dra rundt med metroen for å sjå kor ting er plasserte. Og me gjekk sikkert 10 km til saman. IKKJE å anbefale med høghelte støvlettar. (Ja, eg veit! Kva skjer med verda? Det var Luisa som flippa ut over at skoa mine byrja å prate, og investerte. Faktisk ser det ganske bra ut:) Hjelp, eg byrjar å bli feminin;P).
Véret var skremmande bra, og me inntok ein chill lunch ved "As Docas" - hippaste utestedet om kvelden, koselege restaurantar om dagen. Eg har endå problemer med å forstå at eg faktisk er her i Portugal. Heilt uverkeleg å sitje under ein parasoll og ete "frutas do mar" (enno ein rar ting som hender meg! Sjømaten her er dødsgod!) og sveitte 21. desember, mens sola speglar seg i elva Tejo, og Ponte de 25 Abril ruvar rett over hovudet på oss.
Livet mitt er så digg.:D
Me fekk i det minste med oss eliktrisitetsmuseet, i den gamle fabrikken som "lyste opp Lisboa" før i tida, og så gjekk me til bydelen Belém for å ete dei originale Pasteis de Nata (dei vart først lagt i ein café der, oppskrifta er ein familierøyndom i eit par hundreår, og dei seier dei er dei beste i verda). Dei er ikkje så verst nei:)
Etterpå ville Juan (som finn allslags rart i turistboka si) til Colombo, det som var Europas største kjøpesenter inntil for eit par år sidan - no er det berre nr 2. Og fy SØREN så gedigent. Med eit himla juletre under kuppelen midt i. Trur det er sånn 7 etasjar eller noko, og skremmande mange butikkar og folk. Og alt pynta med lys og glitter. Makan, menneske kan sløse, må eg berre seie. Fekk kjøpt jule/bursdagsgåve til Dúlio, som fyllde året i går, før me fekk pitla oss på toget tilbake.

I dag har me vore rundt og handla inn mat og litt slikt, og ellers har eg jobba på ein av julegåvane til Luisa og Luis. Eg er som alltid kreativ, og har nok brukt fleire timar på å sitje og oversetje matoppskriftar til portugisisk. Manglar berre det, og så gåve til første far Victor, og så kan eg slappe av:)

Sist veke overraska eg meg sjølv med å delta i Corta-Mato. Det er eit skuleløp, og neste runde er mellom skular i distriktet. Sjølvsagt må eg klare å komme meg med der. Ikkje at eg hadde noko val; dei ti beste i kvar aldersgruppe gjekk vidare, og me var to jenter i juniorklassen. Ikkje så stor prestasjon å komme først då, og i all fall ikkje då den andre skada seg halvveis, og halta dei siste 1500 m. Men det pratar me ikkje om, eg seier berre at eg fekk gullmedalje, og går ikkje inn på detaljane:)

I januar skal eg byrje på Sportcity, eit flunkande nytt treningssenter som har ALT. Gledar meg:D Det er berre så dyrt at eg sikkert bare har råd til ein mnd. Jaja, har eg i allefall den tida på å trimme av meg julefettet. Det kan eg forresten 27. óg, for då feirar Dúlio 21årsdagen sin med fotballtrunering (så klart:D). Skal bli gøy.
Me skal eit par-tre dagar til huset til Luis i Setúbal, så eg kan verte kjend med området der. Nyttårsafta håpar eg eg får lov til å dra til Almada og vere med Juan, så me kan sjå fyrverkeriet frå Lisboa. Her er det berre offisielt fyrverkeri, men sjølv dét må sjå nydeleg ut over verdens vakraste by:) Almada, for dei som ikkje veit det er rett ved enden av brua, og har nydeleg utsikt over hovudstaden. Og Juan bur der.
Dagen etter kejm Louis frå New Zealand på besøk her. Wiha:D Der var AFS igjen med fantastiske folk frå heile verda:) Og typisk meg å verte best venner med dei som bur lengst borte. Jaja, ikkje vits å deppe enno, no skal det nytast:) Grininga tek me etterpå.

Tjaa, mens eg no sit her kan eg jo berre skrive litt lenger. Og stoppe kjeften på folk (*kremt* Hallvard) for ei stund^^
Eg og Luisa sit her ved peisen og høyrer ABBA og ser TV.(hahaha, "´Ta a gravar" er ganske underhaldande) Eg er småkjøleg, og er bekymra for å ikkje ha stemme i morgon. Heilt ærleg, på kjøkkenet kan ein sjå pusten sin!
Men det får ein berre leve med.

Haha, eg har forresten ete litt av kvart sidan eg kom hit. Eg har trekt på smilebandet fleire gangar ved tanken på uttrykket til f eks Lena eller Cathrine viss dei hadde sett maten:D
Eg kan ramse opp:
-Rein lever i skiver
-kyllingeinvollar (eller noko liknande. Spørte ikkje:P Identifiserte hjerte og lever. Er populær snack:) )
-sardinar. Ikkje så sjokkerande i seg sjølv, det løgne er at dei alltid vert steikte heile. Med auge og alt! Haha, ser for meg nokre av dykk heime sitje og gnage frå beina.
-Grilla blekksprut. Held dykk fast - det er kjempegodt.

Det går mykje i suppe og sjømat. Høyrest kanskje ganske ekkelt ut, men eg vil gå så langt som å seie at maten her er betre enn heime. Grønnsakssuppe er nam:) Noko anna enn Bergensk fiskesuppe frå Toro.
Til jul eter dei torsk. Det vert litt spesielt.
Uansett kvar eg går, er det reklamar med "Bacalhau da Noruega!". Eg går fortvilt rundt og prøver å forklare at me faktisk ikkje et særleg mykje fisk i Noreg, men folk her har vanskeleg for å tru det. Det er nemleg landet til torsken. Korleis kan me ete anna?
Og elles; "Fins det farga folk i Noreg?". "Ser alle ut som deg?". "Er det alltid snø?".
Eg likar å svare å svare "Nei" "Ja" og "ja". Fantastisk kva ein får folk til å tru:D Den beste enno var det me fekk ein av dei frivillige frå AFS til å tru på velkomstkampen; Alle i Noreg har pistolar frå dei er små, pga isbjørnfaren. Og at me ofte har ein i hagen som kjem for å sove.
Jaja, stakkars, dei kan jo ikkje vite betre:P

I morgon skal eg gjere meg ferdig med gåvene, og så skal me lage diverse kakar og dessertar. Pakkane opnar ein frå midnatt av. gjettar på me vert sitjande til langt på natt:P Sjølve etinga er den 25.
Må passe på å ikkje verte for lat og feit, då Corta-Mato i Sesimbra er 16. januar.

Til slutt må eg seie Hvil i fred til den beste julegåven nokon sinne - Mille. Stakkars pusen min. Var sjuk, og dyrlegen sendte han opp til gamlefar.
GOD JUL OG GODT NYTTÅR ALLE SAMAN! Nyt tida:)

4. desember 2008

Travelt

Jada, eg veit.

Eg har det kjempebra, tida fyk avstad, og eg har ikkje tid til aa setje meg paa dataen. Trur det er bra aa ikkje ha nett i huset, for eg har jo ikkje tid til aa sitje der saa mykje likevel, i tillegg til at eg trur det foerebygg heimlengt.

Oppsummering;

Eg har vore ei veka med Luisa og Luis i Algarve. Veldig chill, og tjue grader kvar dag:) Var i Spania ein dag, og farta elles rundt i div byar og plassar der, saa kjenner stort sett heile kysten der. Deilig med ein liten ferie midt paa hausten. Merkeleg var det no, daa det er slik eg plar tilbringe somarferien min, og julepynt i palmane passar ikkje heilt heller.

Foer det var eg paa Sporting-Porto – heimekamp – med Juan, Semion, Charlotte og Tilmann. Kjempekos, bortsett fraa at laget mitt alltid skal tape.

I helga var eg i Tomar for aa besoeke Aputsiaq (Groenland), ilag med Semion (og fraa Groenland). Det var tipp topp.
Fy soeren saa goey eg hadde det:) Familien til Apu er perfekt. Spelte paintball, koeyrde motocross og var paa sightseeing:) Fekk ikkje sove saa mykje, maa eg innroemme. Var ute til halv 5 foerste natta, og brukte meste av den neste til aa hoeyre spoekelseshistoriar fraa Groenland (det er ikkje barnemat. Hjelp!)
Hadde det aldeles digg i helga, men eg hadde ikkje noko imot aa kkome heim, og det gjer meg enda gladare:)


For dei som lurar; post gjer dagen min ljosare:D Paa fredag fekk eg ein svaer pakke, med skuleboeker fraa Noreg (ikkje fullt saa kos), julepresangar fraa mine gamle heime, og pakkekalender<3 Ahh, takketakk BodiL:D
I forgaars var det tre ting; postkort fra Roberto (Costa Rica), brev fraa Kristrina (Takk, soeta), og Sjokolade fraa min soete soester:D
Om kvelden var eg og Luisa i Almada for aa sjaa paa juledekorasjonar. Dei har lys over alt:) Og Lisboa ser bra ut i moerke:)
I gaarvar det streik i skulen, og difor drog eg til Lisboa ilag med Juan Pablo:) Foerste dagen med daarleg ver heile dagen til no. Skikkeleg vestlandsver. Me tusla rundt og leika turistar (han hadde til og med med seg turistboka om Portugal, til min store skrekk) og hadde det kos:D Var innom borga, ei kyrkje og ellers berre innom div butikkar og koselege gatar. Likar verkelge den byen.

Ellers treng dykk ikkje klage over kulde! Proev aa ha 10 gradar i heile hust naar du vaknar, og ti grader inne i alle skulebygningane. Frys meir her enn heime.

No er det julelys i alle vindauge, og til helga skal me lage juletre (Ja, ALLEREDE!). Og paa soendag er det teateret med nokre fraa AFS, og neste helg er det julelunsj med alle saman. Hurra, gledar meg som ein liten unge:D Skal bli saa kjekt aa sjaa alle igjen. Hinsides idioti at det berre er ein dag. Men no har eg faatt vite at det er ei long helg i april, heldigvis:)

Saa ja, har mykje aa gjere:) No skal eg til aa jobbe meir med skulen og, no daa eg forstaar.

Pratar portugsisik no. Ikkje flytande, men iallefall nok til at eg kunne vere tolk fraa dansk til portugisisk og motsatt heile helga (dei gutane pratar nesten ikkje i det heile teke), og at eg kan diskutere ting med folk. Forstaar alt no, ca.
Nokre slit med heimlengt, faar eg inntrykk av.
Eg saknar dykk heime saaklart, men har det saa bra her at eg faar angst av at det berre er 220 dagar igjen eller noko. Hjelpes, tida flyyyyr!

Gledar meg til jul:D

3. november 2008

Oppdatering faktisk!

ÅTVARING; langt innlegg. Har to veker å ta igjen for.


A vida é bela.

Eg har oppdaga eg til min store skrekk at eg berre har 236 dagar igjen her. Skrekk og gru. No offence, men eg har ikkje lyst å forlate denne plassen.
Det høyrest mykje ut i tal, men eg har ein kalender over skuleåret med alle dagane, og det er jo ingenting!

Eg har det så fint no at eg kunne sprekke:)
Det er ikkje noko spesielt, eg trives berre så godt. Kjenner meg heime her, sjølvom det er pokker så kaldt om morgonen når eg må forlate senga.
Trives med "gamlingane" mine. Luisa er faktisk yngre enn mine eigne foreldre, så det er jo ikkje gale eigentleg. Luis er rundt 60 trur eg, men verdens søtaste gubbe. Eg og Luisa pratar og pratar om alt mellom himmel og jord, og Luis er kjempekoseleg og er livredd for at eg ikkje skal ha det bra, for han likar ikkje triste folk. Ikkje noko problem:D

Sist veke var eg paa to studieturar til Lisboa. Med engelskklassen til Oceanário, og med geografiklassen til Museu do Ar og Museu de comunicações.
Koseleg. Klasseturar slaar alltid an:) Bussturar med syngjing og tull knyttar folk saman:)

Fredag kveld var det Halloween. Eg tok med Charlotte på halloween-fest på ein café (Caféar her er opne til langt på natt og fungerer som bar i tillegg). Skjedde ikkje mykje der, var stappfullt av gutar, merkeleg nok, (ja, jenter, berre å kome. Dei er pene! ;D ) som sat og røyka og drakk, og vampyrar og heksar gjekk rundt og serverte og rydda.
Må berre får det ut: ALKOHOL ER SÅ BILLEG!
ah, deilig. Eg og Charlotte heldt på å døy, då me betalte 1,50 euro for ein martini. Tolv kroner?! Og var vist tilbod på halloween-shots - 1 euro.
Forresten fett å berre kunne bestille drink utan at nokon bryr seg om å sjå på deg eingong.

Jaja, me sat der og følte oss litt småteite som utlendingar, og satt og glodde ei stund, prata med nokre gutar i parallellklassen, og så kom Pedro og henta oss ca halv 12. Greit med storesysken som tek deg med ut om natta og kan ta skulda når du kjem for seint heim:) Og greit at dei gidder å ta deg med sjølom dei er tolv år eldre.
Han tok oss med til Sesimbra, spanderte ein drink mens me sat og såg på engelske turistar. Sesimbra er turistby, og ligg heilt ned til havet. Deretter var det ein liten rundtur i området, for å sjå litt natur og forskjellig, og havet under stjernehimmelen, med Lisboa på andre sida av bukta. Nydeleg.

Kom heim i halv tre-tida, stakk innom bakaren og kjøpte innbakt pølseting som er veldig typisk, og køyrde til huset til Pedro og åt og drakk kakao:) Koseleg.

Laurdag vekka Luisa meg kl 10 og tok meg med på marknad. Eg trudde eg skulle flippe ut av fryd. Stappfullt av folk og bodar, og så BILLEG. Atter ein gong. Høyr dette; adidas-joggebukse for 5 euro, og tilogmed ekte merke. Sikkert ulovleg import, men likevel.
Eg kjøpte to BH-ar og tre truser for berre 6,50! Hadde holdt til den eine skåla i Norge :p
Neste gong skal eg ta med meir penger. Etterpå var det mat-marknad. Elskar det. Frukt og grønnsaker i allslags rare variantar, kakar og brød, oliven, ost, fisk og kjøt.

Kl 3 tok Pedro meg med for å surfe:D Himla praktisk at eg er så allsidig, faktisk:) Eg passar saman med alle i begge familiane mine pga bredt interessefelt:) Pedro jobbar i luftforsvaret (har spist lunsj der to gongar. Fett:D For gutar; kult å sjå ein militærbase frå innsida, og være inni stridshelikopter. For jenter; kjekke, veltrente portugiserar i uniform overalt. Haha^^) og er hekta på trening.
Surfing er favorittingen, og han måtte ta meg med:) Fy søren, dette landet er pent! Var på ei strand han sa ikkje var noko særleg, men som hadde passelege bølgjer for meg. Perfekt beliggenhet, midt i mellom Cabo Espichel og Lisboa. Litt for preg av turistar, og sjølve tinga ovanfor er stygge, men hellandussen. Var der eit par timar om ettermiddagen, og sola måla heile verda i gull og sølvblått. Lisboa langt borte til høgre, og fyrtårnet på toppen av stupet til venstre. NYDELEG.
Surfinga kan ein derimot ikkje skryte så mykje av. Eg visste nok at det ikkje var så lett som det ser ut til, men hadde aldri trudd det skulle vere så umogleg. I løpet av dei to timane kom eg meg opp på brettet slik at eg stod på kne ca tre gongar. Resten av tida sloss eg mot straumen og dei uforskamma bølgjane som prøvde å drukne meg.
Men var fett. Sitje på stranda første november og ete frukt etter å ha slete seg totalt ut på naturkreftene, med joggebukse etter den fæle våtdrakta (som beviste atter ein gong at eg skal ete mindre) og sjå verdas finaste solnedgang.

Sist laurdag var eg med Pedro i Lisboa, først på "as docas", hippaste uteplassane i byen, og deretter på ein Club Havana og dansa te latinorytmer til kl 3 om natta.

Når eg tenkjer meg om, er det så mykje å fortelje om at eg lett kunne skreve ein trilogi.
For denne gongen får eg nemne dei mest interessante tinga eg har gjort, og seinare får eg byrje å fortelje om portugisisk kultur og tradisjonar.

For to veker sidan var me på 6-vekersleir med AFS. Eg skal vie livet mitt til den organisasjonen. Beste som har hendt meg.
Alle folka er heilt herlege, og det var ein fryd å sjå dei igjen. Alle har endra seg, og ikkje eit fnugg av den sjenansen me hadde med oss då me ankom, var å sjå. Alle var bestevenner, og den helga gjekk så altfor fort.

AFS er best på å ha gøye aktivitetar og lekar. Og så var det så godt å få prate med folk som veit akkurat kva ein meinar. Me fekk lufta bekymringane våre, og problema me har hatt så langt. Det var ein lettelse, for det viste seg så klart at alle har hatt sine dårlege periodar (eg og Tilmann frå Tyskland var vel dei einaste som ikkje hadde noko å ta opp - eg har hatt to dårlege dagar i løpet av to mnd, ein då eg var sjuk, og ein då eg flytta frå Santos), og at graset hos naboen faktisk er nett det same som på di side. Alle trudde jo at alle dei andre hadde det betre, og at dei berre hadde det gøy.
Fekk meg til å sette endå meir pris på det eg har her:)

Hadde internasjonal middag om fredagen, med mat fra heimlandet. "Å fy fasan, æ e så gravvid, æ", sitat Marte. Seier litt om kor godt det var:) Alle forspiste seg.

Leiren ligg utanfor Lousã, og er eit stort område, men to rekker brakker med soverom (var 8 stk i kvart), dusj/garderobehus med iskaldt vatn, spisesal og aktivitetssal, og masse natur og uteområde, og amfiteater. Evigvarande trompetfanfare kl 8 kvar morgon, 5 grader i rommet, vatn som nektar å verte varmt, opp og ha ein "energizer"-lek med irriterande blide frivillige før frukost, og berre 4 timars søvn. Perfekt<3 Akkurat slik det skal vere:D

Laurdag kveld var det internasjonal kveld - stort leirbål på scenen i amfiet, sitje rundt om, pakka inn i pledd, og sjå på oppvisningar frå dei forskjellege landa.
AFS er så bra, for du lærar meir enn om landet du er i. Eg kan danse argentinsk folkloredans og seie stygge ord på thai.
Reiselysta er tent for godt.

Var trist å dra om søndagen. Fekk meg til å innsjå at det er så mykje eg kjem til å forlate her når eg dreg heim. Eg har venner over heile verda, og kjem mest sannsynleg ikkje til å sjå meir enn ein eller to av dei igjen.
Får heile tida slike depressive tankar, sjølv om eg veit det er sløs av tid.
Livet mitt er berre for bra.

I går var eg med Pedro og Mariana til Lisboa. Var effektive, og var både innom Pasteis de Belêm (berømt bakeri/café som har dei originale pasteis de nata(tradisjonelle portugisiske kaker), der oppskrifta er ein familiehemmeleghet som går i arv), Museu de coches (kongelege hestekjerrer), Museu de Marinha (så stort at me berre gjekk gjennom første etasje. Seier seg sjølv at sjøfarthistorien til Portugal er litt for lang til at ein kan gå gjennom alt i løpet av ein time. Men interessant!) og Casa Pia (berømt barneheim, men veit ikkje kvifor).
Dei kan noko her i landet. Om søndagar er alle museum gratis.

Om ettermiddagen gjorde eg og Luisa klart til kastanjefest i garasjen for me handla. I firetida kom Tilmann(Tyskland). Me hjelpte med å skjere kastanjer og fikse, og gjekk innom familien Santos for å hilse på. Kl 7 henta me Juan(Colombia) på stasjonen i Coina. Så koseleg! Heldt på å døy av fryd.
Eg, Tilmann, Juan, Charlotte(Tyskland - nabo), Vanessa og Sara("syster" til Charlotte-nabo) hadde det fantastisk i vår ende av langbordet. Ellers var det Luisa og Luis, Vanda (syster mi) og Eduardo (kjærasten), Pedro, Mariana og Soraia(nabojente). Masse mat og kjekke folk. Kva meir treng ein?:) AFS gjer underverk. Eg trur aldri me hadde vore venner viss det hadde vore heime, men me storkosar oss i lag:D
Det er fint å ha nokre i nærleiken:) Begge gutane bur ca ein halvtime herfrå, og frå no skal me prøve å møtast oftare.
Eg prøvar å overtale Juan til å lære med å danse. Han har det i blodet, og kan vise korleis ein skal shake! Men han vil ikkje, for han syns det er flaut. Haha, søt^^
Tilmann er eigentleg verdens mest irriterande person, men sjølvom me held på å drepe kvarandre heile tida, ler me så masse at det ikkje gjer noko.

Eg har invitasjon til huset til Tilmann anytime. Far hans henta han, og sa at eg var valget deira etter Tilmann, men dei har to jenter frå før. Haha, så koseleg. Eg som trudde ingen ville ha meg:P
Har invitasjon til Juan for å ete tortillas óg. Ah, me har masse planar ilag no.
Iiiiih, 26. november er det fotballkamp! Ikkje kva som helst! Det er Champions League i Lisboa, Sporting-Barcelona! Eg, Charlotte, Tilmann og Juan og mora og broren. Ih, life's good.
Og 15. november drar me til Algarve. Blir lett ein tur og to over spanskegrensa, skal eg tru Luis.
Eg er altfor heldig:) Har to familiar (tre med den i Noreg), kjekke venner og alt er chill. Eg plukkar verdas beste appelsinar på veg heim frå skulen. Say no more.

-The first time you ever feel alive, is the first time to break the chains-

May the moments last forever.

15. oktober 2008

Ny addresse.

Har flytta og komt meg nokolunde paa plass hos "naboen".
Hyggjeleg par pa 55-60 aar, med to vaksne barn.
Er meir besteforeldre enn foreldre, foeler eg, og hadde kraftig heimlengt til Santos dei foerste dagane.
No har eg vend meg til tanken, og har det bra der:)

Portugisisken vert raskt betre, daa dei berre pratar portugsisk, og eg kjem til aa faa sjaa meir av landet hos dei, daa dei reiser mykje:)

No er eg hos Santos og snyltar paa nettet. Trur spesielt David saknar med, soete guten:) Men ser dei kvar dag,saa skal gaa bra.

Til helga er det leir med AFS i Lousã. Blir fett:D

Her er den nye addressa mi (hint hint):

Rua Teófilo Braga, Lt 536 (ikkje 534 lenger, men eg faar det likevel)
2975-332 Quinta do Conde
Setúbal
Portugal

11. oktober 2008

Right here in the place where I belong

Here I am - This is me. There's nowhere in the world I'd rather be.
Here I am, so young and strong, right here in the place where I belong.

Nettet har endeleg bestemt seg for å fungere igjen, etter over ei veke.

No sit eg og Dúlio og henger på senga til Vanessa. Me har spelt fotball i to og ein halv time mot nokre venner av Dúlio frå Lisboa. Herleg å spele fotball! Sjølv om eg var litt nervøs, som einaste jente mot mannfolk mellom tjue og tjuefem, som bl.a. spilte på ungdomslaget til Sporting og Lisboa for nokre år sidan. Men det er sikkert noko med den portugisiske lufta som gjer folk gode i fotball, for til tross for t par ekstra gram på magen, dårlege sko og gnagsår, greide eg å imponere alle, og score 3-4 mål.
Er nøgd med dagens arbeid.
Er så fantastisk herleg å spele fotball at eg ikkje har ord. Trur ikkje eg har vore klar over kor mykje eg har sakna det.
I løpet av veka skal me til Lisboa og spele med dei same folka. Herleg.Herleg:)

Ellers vert dette siste dagen hos familien Santos. I morgon skal eg pakke kofferten, og flytte meg omlag 40 m ned gata til min koselege nabo Louisa med kattane.
Eg er så glad. Supertrist å måtte forlate desse herlege menneska, men det er den beste løysinga. Eg slepp å flytte til dei eg ikkje liker, for dit skal Charlotte, den tyske jenta som har budd hos Louisa til idag.
Emosjonell berg-og-dalbane desse siste to dagane. Eg har heile tida hatt lyst å flytte til Louisa, og kvar gong det har sett ut som eg kunne komme dit, kunne eg ikkje likevel. Hadde verkeleg ikkje lyst å bu hos dei andre, og igår då det vart avgjort kvar eg måtte, sende Dúlio meg ein melding mens eg var på skulen at han hadde dårlege nyhende.
Eg mildt sagt litt nedfor, men då eg kom heim sa han; Vil du høyre kva som er nytt? Du skal bu hos Cintra.
Eg byrja nesten å grine av glede.

Alt ordna seg til slutt:)
I kveld skal eg spise middag med Louisa, Pedro og Vanda (mine kommande søsken) og kjærasten til Vanda.


Eg har det topp. Er blitt vant til livet og kulturen her no. Kjem til å kysse alle kver gong eg møtar nokon når eg kjem til Noreg att. Eg har allereie begynt å kome for seint til alt, og ha ein ganske likegyldig haldning til avtalar. Veit ikkje om det er positivt. Hadde store planar om å verte betre med å kome til tida og vere meir punktleg, men trur ikkje det går an her. Vanlegvis er folk minst ein time for seine, uansett. Lærarar er minst ti min for seine, og historielæraren min har berre vore der 10% av timane.

Eg har starta på kampen mot kiloane. Sist laurdag sprang eg 7 km på 40 min med Pedro, min nye bror. Litt for raskt for meg, men han spring liksom maraton til vanleg, og dei som kjenner meg, veit at eg aldri vil vere dårlegare.
Om kvelden var me i Lisboa i 27-årsdag til Vanda på ein flamenco-restaurant. Sjølv om det er ein spansk dans, føler eg det er populært her, og er ofte kulturelt innslag. Fantastisk kult.
Etterpå var med ute og såg på Lisboas natteliv. Så mykje folk! Måtte brøyte oss fram mellom store og små, fulle og edru for i det heile tatt kunne forflytte oss.
Eg la meg rundt kl 4 den natta.

Søndag stod eg opp kl 9 og spelte tennis med Dúlio og kompisen hans, David + kjærasten hans.
Etterpå var me i 27årsdag for Vanda igjen, denne gong for familie og venner. Så mykje god mat! Eg var for andre gong i mitt liv (i løpet av denne mnd) så mett at eg heldt på å krepere.
Men mandag hadde eg både gym og futsaltrening, og pådro meg så kraftig gangsperr at eg trur eg fekk forbrent ein del kaloriar.

På onsdag hadde eg gym igjen, og presterte nok ein gong å få vurdering NA (avansert nivå), sjølv om eg ikkje gjorde så mykje. Læraren diggar meg.
Etterpå var eg på basketballtrening. Haha, kven skulle trudd det?
Basketball på torsdag og.

I går greide me å miste futsaltreninga fordi me var på Forum Almada for å kjøpe dei nydelege futsalskoa eg har hatt lyst på i fleire veker. Kvifor vart eg ikkje overraska då dei berre hadde str 44 igjen?
Dei som kjenner meg, veit kor vanskeleg det er å finne sko eg likar. Då eg endeleg fant nokre og blei ferdig, viste det seg i dag tidlig at det ikkje er futsal-sko, men til kunstgras. Er det mogleg?
Eg tenkte at eg hadde grunn til å ikkje kome, då eg måtte kjøpe sko (føtene mine er øydelagd av for dårlege joggesko), men det viste seg at eg mista treninga til inga nytte.
Var der med Charlotte, Dúlio og Sarah, og det endte med at me åt der. På togstasjonen utanfor Quinta do Conde vart me henta av Paulo, kompisen til Dúlio.
Eg var på café med Dúlio frå 11 til halv 1 ilag med vennene hans:)
Café midt om natta. Er normalt her istadenfor pub. Kanskje fordi dei ofte fungerar som bar i tillegg.

I Quinta do Conde er det omlag 30 000 innbyggjerar. Det er ikkje så mykje anna enn hus. Og Caféar. Cáfear over alt. På veg til skulen går eg forbi tre-fire-fem, og berre to andre butikkar.

Dei fleste skapningar eter for å kunne leve. Portugiserar lever for å kunne ete. Trur ikkje det er mogleg å vere ein plass der du ikkje kan få tak i noko spiseleg innan ti minutt, sånn bortsett frå langt ute i naturen.
Masse masse mat! Sjølve maten er sunn; poteter, fisk, kylling, grønnsaker, suppe. Problemet er at dei har så mykje imellom måltidene som ikkje er sunt.
Eg fortelde om kakefabrikken?
Ei kake kostar 60 centimos- ca 5 kr - der. Og dei er vanlegvis på storleik med to hender. Mmm:) Litt ekstra flesk må dykk forberede dykk på når eg kjem att;)

No har eg bakt sjokoladekake:)
Eg veit dykk meiner eg skriv for sjeldan, men dykk må nok berre venne dykk til det. Til no har det vore fordi det trådlause nettet berre funker ein gong i blandt(trur det er naboen sitt), men frå i morgon kjem eg til å bu i eit hus utan PC, og lenger vekke frå det trådlause, så det vert nok sjeldnare etterkvart.

Beijinhos!

1. oktober 2008

Streik

Stod opp til vanleg tid og irriterte meg over at Vanessa som vanleg kunne sove lenger enn meg, for det var streik på skulen hennar. Ingen gidder å bry seg med å fortelje meg, eller nokre andre på skulen, at det er streik der og. Jaja, frisk spasertur om morgonen gjer jo godt. Trur ikkje eingang alle lærarane var klare over det, for eg møtte både ein og to på veg heim igjen.

Så eg gjekk heim att, slappa av, gjorde ingenting og spiste før eg drog til Rio Sul for å gå på kino, og me såg "Babylon A.D" eller noko. Ikkje min type film nei. Vin Diesel er brødteit.
Når eg kom heim, var eg og Vanessa og Sara på joggetur. Nei, ikkje så sprekt som ein skulle tru. Me jogga, gjekk, gjekk, gjekk. Satt i ein park, gjekk til kakefabrikken og kjøpte nybakte portugisiske kaker (og DEI er gode! Og det er opent der heile døgnet), satt på ein benk og åt dei, og hadde ring-på-spring tilbake. Ikkje rart eg vert tjukkare.
Skal moglegvis på stranda i løpet av veka:) Negativt fordi det betyr bikini, og positivt fordi det er strand.

På fredag var eg ute med ein gjeng frå klassen. Me var 8 stk som åt på kinarestaurant. Ikkje dyrt akkurat. Me spleiste, og betalte 7 euro kvar. Det var for ein rett til kvar, ei vassflaske, to cola-ar og tre mugger Sangria (den einaste vinen eg kan seie er god, faktisk). Altså 60 kr på kvar.
Etterpå gjekk me til parken. Ungdom her har like lite å finne på i helgene, så då sit dei i parken og drikk. Er sikkert ekstra low-life her, fordi det aldri hender noko her.
Jaja, me var innom supermarknaden ved siden av parken for å kjøpe drikke. Eg er fascinert. Det er 16årsgrense her, og dei bryr seg ikkje uansett. Du går inn, finn hylla med sprit (alt er inne i matbutikken) og du kjøper det du vil, skremmande billeg så klart (eg siterer; Bacardi for 12 euro- ca 100 kr) og går ut og drikk det.
Jaja. Eg er fornufitg og holdt meg frå det. Familien sa at dei veit dei kan stole på meg, og gir meg ikkje nokre innetider, så då må eg jo bevise at eg er ansvarleg, så eg var heime, klinkande edru kvart på tolv.

Eg har totalforbud mot å gå åleine om kveldande, så anten må eg verte henta, eller så må eg få følgje heim. Eg tenkte at dei andre sikkert heller ville ha det gøy enn å gå med meg, så eg tenkte å sende melding om å verte henta, men neida, då stod plutseleg alle gutane frå klassen der og ville følgje meg. Dei er verkeleg ansvarlege her.
Det endte med at Hugo fulgte meg heim, for han hadde spørt om eg ville vere med, og då var det hans ansvar å få meg heim. Ta den, dykk heime^^ Ligg nokre hakk bak på gentlemanskalaen;)

På laurdag hadde David bursdag - 9 år. Me brukte heile formiddagen på å stelle i stand selskapet hans i kjellaren. Ganske unaudsynt, då ungane etter ti min hadde øydelagt alt. God tid, sa du?
Selskapet skulle byrje kl 2, og klokka 3 kom den første ungen. Klokka var nærmare 4 før alle var der. På den andre sida gjekk dei aldri heim igjen, men var til rundt kl 10.

Midt på laurdagen kom Pedro, sonen til Louisa, nabodama med kattar, og nevøen hans med ein bag med gratis stæsj og startnummer. Startnummer? Jau, det var det løpet Mâe hadde snakka om at me skulle delta i, over ei bru. Eg opna ein reklame, og leser fyrste linja. "Halvmaraton i Lisboa, 17 km". What! Sånt skjer når du berre forstår delvis kva folk seier. Brukte eit par timar på å irritere meg og lure på å bli sjuk neste dag, men det viste seg at eg skulle springe mini-maraton, berre 8 km.
Eg har forandra meg allereie. I Noreg hadde eg aldri gjort noko slikt, trur eg. Her, før eg visste ordet av det, sat eg i bilen med to menn eg ikkje hadde prata med før kl halv 8 om morgonen, på veg mot et gigantisk løp over Vasco da Gama-brua i Lisboa, med direktesending på TV og greier.
Køyrde inn i Lisboa over Ponte de 25. Abril med sola i ryggen. Den byen er så vakker. Fekk sånn "kan klare alt"-kjensle, og hadde lyst til å hyle av fryd.
Eg trur det var ca 15000 stk med på løpet. Eg trudde ikkje det fanst så mange menneske. Det krelte verkeleg, og eg brukte heile løpet på å springe forbi folk. Sprang fortare enn alle eg såg, og kom likevel ikkje heilt fram. Utruleg folkemengd.
Kom i mål på omlag 52:15, dyvvåt av sveitte. Kunne gjort det betre, men det var for mange folk, og kom litt for brått på.
Heldigvis fann nevøen meg (veit enno ikkje kva han heiter). Han er 17 og me sleit litt med å finne tilbake til bilen, men greide det dog til slutt. Far hans jobbar hos det selskapet som er hovudsponsor for sånne løp, og difor får han tre gratis plassar - han, Pedro og eg - kvar gong. Eg har sagt ja til å dra til Porto i oktober for å vere med på løp der og. Ja, skjer rare ting når du er på utveksling.

Då eg kom tilbake, dusja eg, og åt middag hos Louisa i lag med dei to og den vakre dottera til Pedro - Mariana på 8. Koseleg. Etterpå såg me "Meet the Robinsons" der. Eg vart sjuk.
Mangel på søvn, løpet og evt smitte frå Dúlio førte til at eg endte opp med feber og vondt i hovudet og kraftig forkjøling. Er framleis småsjuk, men er på betringens veg, heldigvis.

Eg må beklage eventuelle skrivefeil og feilformuleringar. No har det gått tre veker sidan eg prata norsk sist, og ellers har eg berre sagt "hurpe" og "kossen går det?" på norsk til læreviljuge klassekameratar.
Eg veit ikkje kva språk eg tenkjer på eingang (Det er det eg seier, Linda!). Har etterkvert blitt ein reser i engelsk (treng ikkje dra til USA for å bli det) og den siste veka har eg så smått begynt å prate. Det er ein fantastisk lettelse å faktisk kunne følgje med på ein diskusjon og fatte kva dei seier. No forstår eg nesten alt. På veg heim frå skulen fulgte eg med Pedro, den ultimate nerden i klassen, og han babla om alt fra merkelege kampsportar til religion, og eg forstod:) Det er så deilig. Og greier stort sett å gjere meg forstått no, sjølv om eg ikkje heilt kan verbtidene (er unnskyldt. Det er ca tjue.).
Så om ikkje lenge skal det nok gå så fint, så:)

Orddeling her er ikkje noko problem - dei har aldri funne ut korleis dei skal settast saman;
espingarda de pressâo de ar - luftgevær
relógio de pulso de ouro - gullarmbåndsur

Snakk om å gjere det tungvint.

Hår: eg trur 60% av gutane har hanekam/Kristian Kjelling-sveis med kort på sidene og lenger frå panna og bak.

Mobil er det viktigaste. Å ha ein kul mobil er svæææært viktig. Eg drit i det, og bruker min delvis oppslitte Nokia, men alle eg ser har ein eller annan fancy sak dei sit og knottar på. Ikkje spør meg kvifor akkurat det skulle vere kult, men slik er det.









Hallvard saknar meg. Så koseleg:) Saknar deg og;)


Eg bør vel sove nå. Ingen streik i morgon, så eg må nok opp til vanleg tid, sjølv om me neppe har historielærar. Han har ein tendens til aldri å vere der, så me spelar kort på caféen. Sløs av tid, for eg ville heller sove.

Alt står bra til her:)
Skriv ikkje så ofte, for eg gidder ikkje bruke så masse tid på det, så tek heller eit langt innlegg ein gong ibland.


Nøgd Eirin? :)

23. september 2008

Solskin

Denne veka har vore fin så longt. Bortsett frå dei pinlege turane til skulen med den søte naboguten. Han er eitt år yngre, og den tjue minutter longe turen til skulen går føre seg i komplett tystnad. Eg er ikkje stødeg nok i portugisisk til å berre byrje å prate, og han er totalt asosial, seier Vanessa.

I går hadde eg gym, endeleg. Det var digg. Eg var like god som Hugo, og alle var sjokkerte. Trur læraren diggar meg:) haha. Ingen jenter her trenar, så det var visst eit sjokk for gutane at det endeleg var ei jente som sprang når læraren sa det.
Når eg kom heim, spelte eg fotball med Dúlio og David, og etterpå jogga eg og Dúlio ein tur.
Han skulle vise veg, men prata så mykje at han ikkje fulgte med, så det endte med at det vart alt for langt. Kom heim kl kvart på ni. Gangsperr i dag? Neida, berre pittelitt.

Må berre nemne at på mandagen går eg til kl 18.25. Eg er nesten stolt. Jepp, fra 8.20 til 18.25. To timar lunsj, dog. Den inntok eg hos Sarah. Ho er brasiliansk, og svært utadvendt. Ho hadde kjøpt "Maca de Amor" til meg:) Det er kandisert eple på pinne. Søtt:)

Etter skulen i dag drog eg til Rio Sul med 8 stk frå klassen, der me åt almoco og var på kino. Nice time:)

Hahaha, ikkje mykje blyhet her i landet, nei. Sarah og Lucia dreiv og hadde sangshow for alle i nærleiken heile vegen til Rio Sul (busshaldeplassen, bussen, togstasjonen, toget). Verkeleg høg syngjing og tulling. Lo meg skakk. Folk lurte nok stort.

På laurdag var eg i bursdagsselskap. Eg var så mett at eg faktisk trudde eg skulle døy av det. Det er farleg med så masse god mat. Og kaker. Og spesielt farleg når alt er så godt. Men fekk vel trent det av meg i går.
Ventar på futsalen nå. Trudde det var idag, men den gang ei.

Nu er det kveld snart. Skal se om eg slepp å følgje med Ricardo i morgon. Hahah.

20. september 2008

Nonsens om kvardagar

MIN FØRSTE DRAUM PÅ PORTUGISISK.
Wow. Hadde ein i går og. Ikkje så vilt imponerande, for det førte berre til at eg faktisk ikkje forstod alt draumepersonane sa. Hjernen min fascinerar meg av og til.

Chill å vere blond.
Eg slengde meg i bilen for å bli med å handle. Ikkje tid til sminke, og satte berre håret opp i ein dult. Likevel kunne eg like godt vore Cameron Diaz eller noko.
Eg såg meg i speglen på vei til jobben til Dúlio, og stønna litt over det lyserosa nasen min. Mâe derimot meinte at eg ikkje burde bekymre meg,for eg var så fin at. Det var Nikolai som måtte bekymre seg sa ho. Hah, ja jøss:P Hadde det vore i Noreg hadde det vore eg så var redd for at han framleis ville ha meg^^
Dúlio er friviljug i Raude Kross, og satt og testa blodsukkeret og blodtrykket på folk som gjekk forbi.
Han som testa meg glodde uhemma.Og sjefen deira hadde aldri sett ein så vakker augenfarge som min. Halleluja. Dei hadde verkeleg gått i spinn, hadde dei kome til Noreg.

Jaja, nok egoprat.

Portugiserar har verkeleg god tid. Planane mine om å verte meir punktleg har gått i vasken allereie.
For to dagar sidan var eg litt sein å stå opp, og eg blei køyrd til skulen. Me satte oss i bilen 8:19, og eg byrjar 8:20. Det tek ikkje lang tid å køyre dit, men når eg endeleg stressa meg gjennom porten, fann eg klassen min sitjande og vente, og mange hadde ikkje kome endå. Historielæraren kom ikkje, så då gjekk ein gjeng bort på caféen over gata og spelde kort til neste time.

Me har 15 min friminutt mellom dobbeltimane. Når det er fire minutt igjen, bestemmer nokre seg for å gå litt ned i gata og kjøpe mat, og kjem tilbake ti min seinare, rett før læraren.
Trur ikkje det er fare for å kome for seint nokon gong.

I går køyrde eg, Mâe og Dúlio til Setúbal fordi han skulle søkje skuleplass. Han henta meg på skulen, og når me kom heim sa han at me måtte køyre sånn rundt kl 2. Ok.
Klokka kvart over 3 køyrde me, og kom til universitetet ti min før søknadsfrista gjekk ut.
Jauda:)

Skulen er lattarleg lett, bortsett frå språket. Foreløbig iallfall.
Faga mine er;

MACS(samfunnsrelatert matte)
Portugisisk
Engelsk/fransk
Historie
Filosofi
Gym
Geografi

Matten er tragisk. "Her er eit kart over metroen i Lisboa. 1) kor mange linjer er det? -Svar: 4. 2) Kor mange måtar kan du kome deg frå A til B på? - Svar: 2"
Jepp, seriøst.
Dei faga som til no verkar interessante er filosofi og portugisisk. Problemet er vel berre at det er akkurat der det er mest prating involvert. Jaja, portugisisklæraren syns eg prata veldig bra til å berre ha vore her i to veker:)
Engelsken? gjett sjølv. Fyrste time starta med at me skulle fortelle om oss sjølve, og kva me hadde gjort i ferien. Tenk dykk, elevar som er mellom 16 og 18 år greide såvidt å seie "My name is.." rett. Eg kunne vel prata i ein halvtime om interessar og sommarferien min.
Engelsklæraren min har meir aksent enn meg. Trur ho mislikar meg fordi eg kommenterte ein feil i fasiten.
Kanskje eg tek fransk, men her har dei hatt det sidan 7. klasse, så det vert kanskje litt vel tungt.

I går fann eg ut at eg greide å bruke den kvite buksa mi utan belte, så da tok eg meg saman og heldt meg vekke frå unaudsynt mat (det er det ellers meir enn nok av), og jogga ein lang tur. Deilig med gangsperr:)
Mâe har fått for seg at me skal vere med på eit løp over Ponte de 25 Abril (den kjende raude i Lisboa) neste helg. Haha:D Greit for meg, men ser ikkje for meg ho:P Ho seier heile tida; "Diéta, Julie, Diéta" og så tek ho ei kake. :) "Neste veke skal eg vere like tynn som deg" Jauda, har trua på den:) Men gubbe, for ei søt dame.

No skal me snart ete (bombe).
I morgon har dattera til venner av familien bursdag, og me skal i selskap. Mat mat mat:) Men det er kjempegodt då^^ Blir tjukk på ein forhaldsvis sunn måte. Mykje fisk og suppe og grønnsaker. No er det kylling.
Viss eg berre lar vær å putte sukker på alt som dei gjer, går det nok fint.

Eg må berre nemne det;
Det er sånne greie drikkeyoghurtar her på 1,25 dl som alle drikk heile tida, og me har i kjøleskapet. Eg kom til å sjå på næringsinnhaldet. Èin av dei små tinga dekkjer 25,4% av ein vaksens persons dagsbehov av sukker!
Ikkje fleir slike iallfall;)

Jaja, litt sånn nonsens som folk (Åshild) etterlyser;)
Har det fint enno:)

17. september 2008

Mykje hender:)

Beklager daarleg oppdatering, men det traadlause nettet eg fann paa mac-en bestemde seg for ikkje aa verke etter to dagar. Nokon oppdaga vel snyltinga mi. Og den stasjonaere PCen maa ein slaast for aa faa bruke.
Men skal gjere det forhaldsvis kjapt no.

Eg har hatt det topp i det siste. Paa laurdag fyllde Mãe aaret, og som overrasking hadde Dúlio og Vanessa invitert slektningar som overraska henne med kaker, syngjing og presangar. Eg bakte surmjoelkssjokoladekaka mi (utan surmjoelk, med yoghurt) og etterkvart kom det fleir og fleir, baade venner og naboar og familie, og huset var fullt heile ettermiddagen av kyssing og hilsing og kakeeting og hoeglytt diskutering. Utrulig koseleg oppleving:)
Laurdag til soendag overnatta eg og Vanessa og Nelba(som Mãe er gudmor til (Svaert viktig her, visst)) hos nabojenta Sara og saag Mean Girls til kl 3. Eigentleg ville eg helst berre sove heime, men som ein god AFSar godtok eg tilbodet.

Neste dag drog kvinnene i huset her + Nelba til Forum Almada, der eg moette Aashild:) Tenk, etter berre ei veke var det vanskeleg aa prate norsk! Men kjekt aa prate med nokon paa forstaaelig spraak.
Etter aa ha gaatt rundt med henne, shoppa eg litt med Vanessa og Nelba foer me "leverte" Vanessa. Aa levere ein unge her er det same som at alle i bilen skal inn og hilse paa foreldra og familien og prate, sjaa TV og ete dessert, foer ein koeyrer vidare.

Mandag var fyrste skuledag. Den varte i 15 min. Me var berre innom for aa si kva fag eg ville ha.

I gaar var fyrste ORDENTLEGE skuledag.
Prata fyrst lenge med den utruleg hyggelege klassestyraren, og naar eg stod skjelvande i doera og glodde dumt paa alle dei ukjende fjesa, eksploderte heile klassen i "Bom dia! Welcome!"! Noko anna enn i Noreg, ja.
Alle ville sitje med meg.
I loepet av den fyrste dagen fekk eg aavtale med Igor(ein av to i klassen som pratar bra engelsk) om at han skal ha portugisisktimar to gongar i veka med meg, kinodate med nokre jenter og foelge av Carolina, Igor og Nuno til doera naar me gjekk heim.
Folk her er verkeleg aapne og venlege! Eg er sjokka:)
Men dei er saa soete. Eg har ikkje vore aleine eit sekund paa skulen, og dei vil hjelpe med alt.
Eg funker som engelsklaerar naar me pratar.
Engelsktimen var lattarleg lett. Eg pratar betre engelsk enn laeraren, og fann feil paa stensilen.
I morgon er det kino med ein heil gjeng:)

Eg har sjelekvalar no. Eg maa visst verke utruleg sympatisk, for to familiar er interesserte i aa ha meg heile aaret. Og det er naboane. Til hoegre er det huset vegg i vegg, og til venstre er det eit hus i mellom.
Det er bra, for slepp skulebytte, ny plass osv, og eg kan moete fam Santos anytime, men eg har det ikkje saerleg goey no, for eg har verkeleg IKKJE lyst aa flytte. Smerter i hjarterota. Eg vil bu her.
Og familiane er ikkje heilt meg. Den eine er der eg overnatta. Har to jenter paa 24 og 15, som begge bur heime, men dei er verkeleg ikkje mine typar, sjoelv om dei er aldri saa snille.
Valgmogleghet nr 2 er ei dame paa 50 som bur aaleine og har tre kattar. Barnebarnet paa 8 er der mykje, og ho har to born paa 24 og 28, men dei bur ikkje der. Veldig fint hus, men nesten litt for ordentleg. ALT matchar, og er tipp topp. Ikkje heeilt meg.
Eg trur likevel eg kjem til aa velge henne, for ho passar meg betre. Eg er berre redd for aa bli aaleine. Her er det folk uansett, men naar det berre er to, kjenner eg meg sikkert aleine naar eg sit paa rommet, og det er skummelt. Einsamhet her = heimlengt, og det likar me IKKJE.
Men det gaar nok bra det óg. Eg er berre i mitt negative hjoerne:P

Dúlio kom heim fraa Spania idag:) Eg har stotra portugisisk i to dagar i mangel av tolk. Skal prate med han, men han er paa jobb atm, men skal hoyre med han for aa faa detaljar om familiebytte, og eg skal hoyre om kor lenge eg faar bli her.
Forstaar veldig mykje av kva folk seier no, og kan prate litt. Dei som i kkje reiste fordi spraaket var eit problem kan angre seg groenn:) Ein mnd, saa forstaar eg alt. Eg lovar:) Pratinga tek lenger tid, for det er for%&#4 mykje aa halde styr paa. Det er ca 12 ulike tider aa boeye verba i, alle med forskjellig form for kvar person, og det er 3 typar regelrette, pluss ein droess med uregelrette. Japp, masse pugging. Men det loennar seg nok.

Men eg har det bra;) Haapar det fortsett med det sjoelom eg maa flytte fraa desse fantastiske menneska. Kjem nok uansett til aa faa ein ny nabo, for den familien som ikkje faar meg, skal ha ein annan utvekslingsstudent:) Blir morosamt.;)
Det var snakk om Aashild, men ho har visst faatt familie to timar derfra, og enno lenger herfraa;(

No er det jantar:P Ja, sjuke tidspunkt^^

Det er kjekt om folk gidd aa kommentere;) Har faatt kommentarar om at eg aldri oppdaterer;P Men fint om dei som les legg fraa seg eit lite pip, saa eg veit at det er interesse:)
Have fun, take care, everyone:)
I´m having the time of my life, tross alt:)


(Noegde SNP? Kan jo ikkje skrive kvar dag heller:P)

10. september 2008

Snodige observasjonar i Portugal:)

-Her er bar mage in. Spesielt for dei som er litt for tjukke
-Piercing i fjeset er hot. Paa gutar.
-Enorm utringing e et vanlig syn - óg paa gutar!
-Mãe tillet ikkje at nokon gaar barbeint inne. Her er det flipp-floppar for alle penga.
-Paa ein vanleg koeyretur, kveler Dúlio bilen omlag tjue gongar. Han har faktisk greid aa overbevise meg om at det ikkje er hans feil, for bilen er ikkje heilt i form. Kan stemme.
-Sneglar er vanleg snack til fotballkampar.
-Folk trur alle nordmenn ser ut som meg, med blondt haar og blaa auge.
-Folk trur det er snoe alltid i Noreg
-Det er ingen som bryr seg om du gaar paa gata om kvelden og drikk fraa ei vinflaske. Var byfest, men likevel. Fins ikkje i Noreg.
-Familiesamhaldet er utruleg. Dúlio tek seg tid til aa spele fotball med David foer han skal paa jobb. Har sikkert sagt det foer, men eg likevel fascinert.
-Naar ein hilser paa folk, kysser ein éin gong paa kvart kinn.
-Ingen i familien kranglar. Dei berre diskuterer hoeglytt, og ingen vert sinte, slik som heime.
-Mãe har bedt meg om aa klapse til dei andre viss dei er teite. Dei gjer det heile tida, men igjen utan at nokon tek det personleg.

9. september 2008

Vel framme:)

Har vore hos fam Santos i to dagar no, og kjenner meg heime:) Alle er utruleg soete og hjelpsomme:)

Turen til Portugal gjekk overraskande bra. Det var seks jenter fraa Noreg; Linda, eg, Marte, Hanna, Nora og Aashild:) Me vart gode venner, og hadde det kjempegoey paa turen ned:)

Campen var kjempebra. Skulle ha vore ei heil veke! Utruleg masse kjekke folk, og talent-showt der alle skulle vise noko spesielt fraa heimlandet tok heilt av:) Aah, det var topp.

Storebror Dúlio var frivillig paa campen, og daa eg spurde om han var vertsbroren min, sa han at han skulle overraske meg ved aa ikkje seie noko. Naavel, paa soendagen daa me skulle moete familien, var berre han der, for resten av familien var paa campingtur.
Han viste meg rundt i det soete, rosa huset, og daa eg gjekk innpaa rommet til Vanessa og meg, hoppa heile familien fram med ballongar og alt, og skremte livet av meg! Dei er herlege:)

Var paa byfest i ein naboby den fyrste kvelden, og fekk sjaa tradisjonell dans, var paa marked inni ei kyrkje, smakte tradisjonelle kaker, og koeyrde radiobil:) Det var goey:)


Korleis faa bestefar-aktige portugisiske menn paa kroken; Ta ein joggetur rundt klokka ti.

Eg var paa stranda i Sesimbra med Dúlio, Vanessa, David og Nadia idag:)
Quinta do Conde har den perfekte plasseringa; 15-20 min til bade Lisboa, Setubal, Sesimbra og strand:) Det hender visst ikkje mye her, men det er ikkje vanskeleg aa kome til stoerre plassar.
Skal byrje aa spele futsal her:)

Dessverre er det litt for godt til aa vaere sant. Mor Sara er eigentleg fraa Angola, og ein onkel skal kome til Portugal for aa verte operert, og dei har ikkje plass til meg. Saa sjoelv om dei ikkje vil, maa eg nok skifte familie. Haapar berre eg faar i naerleiken. Aashild bur nemleg eit kvarter fraa her, og det passar meg svaert godt:)

No er det kanskje middag snart. Eg vert feit. Det er eit faktum. Det nyttar ikkje aa seie neitakk til Sara. Eg faar monstroese porsjonar, saa dei andre kjeftar paa henne:P Naar eg berre greier éin porsjon, trur ho eg ikkje likar maten. Sjoelv et ho mest berre salat og drikk cola. Ikkje at ho er noko tynn for det:P haha:)

Dei er herlege, og eg skal nyte tida her, kor lenge det no vert.

Até breve;)

5. september 2008

Bon voyage!

Det var vist ikkje heilt siste innlegget.
Kl er 02.35, og eg og Linda er lysvakne på hotel Thon Astoria i Oslo.
Forlot min kjære heimstad kl kvart på ni, og eg forlot foreldra mine og huset og ikkje minst kattane.

Køyrde i 6-7 timar, og hadde pause innimellom.

I Oslo var me på Egon og åt kjempegod mat:)
Eg og Linda og Borghild spelte svært underhaldande yatzy, og eg var stuptrøytt.

Då var klokka halv tolv. No, 3 timar etter er eg alt for vaken. Eg er ikkje nervøs eller noko. Heilt nøytral, for fyrste gong på lenge, men søvn får eg ikkje.
Tragisk, for eg kjem til å vere DAUD i morgon kveld.

No sit me her og høyrer på musikk, etter å ha prata om alt mogleg i fleire timar. Koseleg:)

Det er så vilt. Nedteljaren til høgre laga eg for ca 50 dagar sidan, og det verka så uendeleg lenge. Noe er det her, og den har stilt seg på "Bon voyage". Skummelt, eigentleg.

Eg skal nyte kvart sekund av dette, for no skjer det, og det kjem aldri tilbake.

Eg trur eg er lukkeleg:)



P.S. Adressa mi i Portugal, for dei av kjentfolka (eller andre) som har lyst å sende brev(A)(A)

Rua Teofilo Braga, Lt 534
Quinta do Conde, Setúbal
2975-332, Portugal

3. september 2008

Siste...

Siste dag i Sauda, siste middag (fårikål<3), siste gong på lenge eg ser dei nydelege vennene mine. Eg har kraftig reisefeber, og dei verste humørsvingingane eg har hatt.
Våkna med eit rykk eit kvarter før alarmen, og trudde eg skulle dra til Oslo i dag.

I norsktimen åt me sjokoladekaka eg baka i går kveld:) Koseleg. Alle er så søte:)
Kjem til å sakne dykk masse! Det vert rart å ikkje møte dei same fjesa kvar morgon.
Det er godt å vite at dykk (forhåpentlegvis) er her når eg kjem att.

Denne siste tida har vore heilt topp:) Sist helg såg eg, Irene og Eirin "Varg Veum", og så bada me i Rødstjødna kl halv to om natta. Herleg!
På tysdag var eg og Eirin på Sauda Revy og Teaterlags førestilling "fyr og flamme" basert på tekstar av Kjartan Fløgstad. Utruleg gøy:)

Denne helga var Irene på austlandet, dumme ungen, så ho gjekk glipp av den siste jentekvelden min. Kristina var åleine heime, så eg baka pizza, og me var der og prata og åt og såg film på TV. Eg og Kristina overnatta hos kvarandre for siste gong. Ah, koseleg.










No er bl.a. ho og Cathrine på bretur med idrettsklassen. Håpar det er gøy, jenter;)

Eg har ein underleg kjensle i mellomgolvet. Skrekkblanda fryd er vel den beste beskrivinga.
Trist å sei hadet til alle, men tenk kva som ventar meg. Kva vert skuledagane uten Irene og Eirin og alle dei andre? Og ikkje minst Hallvard? Stakkar, alle reiser frå han:P

Jaja, fekk masse gode klemmar i dag, og eg og Irene åt ein siste is ilag på Bryne:) Trur du ikkje Eirin kom på besøk for å ta avskjed kl 5, før ho skulle på jobb. Herleg jente, må eg sei. Herleg! Sjå kva ho hadde med:














Bamsar med henhaldsvis "Du er helt unik" og "Verdens beste veninne" på t-skjortene, pluss eit hefte med bilete og masse koseleg! Haha, Eirin, du får sagt det du:) Eg lo gjennom alt^^

"Julie: ser du ikke på nyhetene?
Eirin: Nei?!
Julie: Du lese VG hvertfall?
Eirin: eeh, nei egentlig ikke."

Haha, du er herleg!
Klart eg ikkje gløymar dykk! Trur ikkje det går an;) Stuck in my heart :)<3

Ok, skal ikkje verte for sentimental og klissete. I morgon kl halv ni kjem Linda med foreldre for å hente meg, og eg skal køyre med dei til Oslo, overnatte på hotell, og deretter smeller det.
Like greit at eg ikkje skal ha med foreldra mine på flyplassen.
Det er ikkje så trist å ta avskjed her heime, trur eg.

Eg kan ikkje forstå at eg er på veg bort. Kan ikkje sjå for meg at eg ikkje skal sove i denne senga på ein evighet.

Don't get me wrong, eg er i ekstase. Dette vert det beste nokonsinne!:D Berre uverkeleg.

Livet mitt veg presis 20.0 kg(eg er stolt): Har kanskje litt i overkant mykje handbagasje, men eg får smiske med vaktane på flyplassen.
Nå skal eg ta min siste dusj i Sauda, og så skal eg fikse litt meir.


For å toppe kransekaka er dette det siste innlegget mitt før eg drar. Haha, skulle tru eg skulle døy:)

Wish me luck!
Dette er galskap! Og kunne ikkje passa meg betre;)
Kjem til å sakne alle massemasse, men eg kjem sterkt tilbake:D

Portugal, here I come!

28. august 2008

Chat med brorsan:)

Eg har chatta med Dúlio storebror:)
Han har vore på utveksling i USA, og veit difor korleis eg har det. Fint å vite:) Han kunne og informere om at han er den einaste i huset som pratar engelsk, og ønska meg lukke til med pratinga når han ikkje er heime!:P haha! Vilt:D
Foreldrene pratar litt fransk og bittelitt spansk sånn viss det skulle hjelpe:P Greit det med fransken, forsåvidt. Kan jo meir fransk enn portugisisk foreløbig.

Elles gledar dei seg, og eg har fått bilete!




















Veslesyster Vanessa, tante Rosa(Syster til Sara, ho studerer), mor Sara, far Victor, storebror Dúlio og veslebror David foran:)

Eg har irritert meg over at eg ikkje tok eit land i latin-Amerika e.l. fordi eg trudde livet i Portugal ville verta for likt det heime. No kunne eg ikkje vere meir nøgd:) Dette er sprøtt, men fy pokker så kult!
Greier ikkje å vente!:D

27. august 2008

Språkskillz og livsteikn frå Quinta do Conde!

Ingen info frå AFS sidan eg fekk vite om velkomstfamilien.
Eg tok problemet i eigne hender og brukte størstedelen av ein time på å komponere eit forhåpentlegvis forståeleg brev på portugisisk til vertsmamma Sara.

"Æh, sjekke sikkert ikke mailen så ofta de.." Wrong. Berre eit par timar etter var det 1 ny i innboks, signert "your portuguese mom":) Aaw, rørande:)

Etter nok ei lita stund med den tjukke ordboka mi, fekk eg tolka det.
Ho var imponert over at eg hadde skreve på portugisisk, og at dei gledar seg veldig til å møte meg:) Dei vil gjere alt dei kan for å gjere tida mi hos dei så kjekk og behageleg som mogleg heilt frå fyrste stund.
Dei har allereie nokre planar om å "behalde" meg:)

Huset er visst ikkje så stort, men det gjer berre at familien er nærare knytta, og at huset er meir imøtekomande.

Har fått mail-adressa til Dúlio, min komande storebror, og eg skal få bilete av han på msn.

Herlighet, eg vil reise no! Det verkar heilt perfekt<3
Må passe på å ikkje få for store forventingar eg no^^,

26. august 2008

Alt skal slitast over...

Alt skal slitast over, jeg skal dra
Rutebilen har kjørt opp kaien
Munnen strevar med eit tungt nana
Øya ser den andre veien

Jeg er kledd i puss og stas
Jeg har fått pargas og niste
Og fått realskole og gymnas
Jeg skal bli den første og den siste

Billetten stikk jeg på ei lomme
Til Ølen? spør ein blid sjåfør
Og slenger bagen i bagasjerommet
Det er ein mann med godt humør

Jeg svarar Bergen Universitet
Og orda slit i alle røtter
Ja, den som hadde skolar og godt vet
Har verden framfor sine føtter

Fjella toppar seg som høye lass
Fabrikken smeltar malm til styrke
På omnshustaka flakkar røyk og gass
Over klassekamp og yrke

Nei, hjerta det har ingen djup
Sjåføren stiller inn stasjonen
Og bussen syng We gonna loop the loop
Bort frå Skipsekspedisjonen

På vei til bok og lesesalar
Og bort frå kranane som minkar inn
Og lempar grabb på grabb med materialar
I mitt stille stille sinn


Då slitnar hånda som vinkar meg av stad
På dollarveien ut i livet
Eit siste tårelaust ufatteleg nana
Livet er ein gamp i sivet


-Kjartan Fløgstad

24. august 2008

Dativ og bankkort

Eg har ikkje høyrd meir frå familien eller AFS, men føler ikkje eg vil mase, så eg ventar.

På fredag var eg på litteraturkveld på smelteverket. Var positivt overraska! Var der pga novellekonkurransen eg var med i, og jammen kom eg på 2. plass:) hoho, fekk ein sjekk på tusen kroner utlevert av Saudas store son, Kjartan Fløgstad. Herlig:D Starten på min karriere som forfattar;)

I går skulle eg til Stavanger med Hallvard og møte Linda og handle og slappe av. Trur du ikkje alarmen min var innstilt til berre å ringje mandag-fredag, og det hadde eg gløymd ut. Eg vakna 06.58, og båten gjekk 06.55.
Dårlig, dårlig start på dagen. Men det vart betre av at véret var fint, og at Noreg drog i land ein heidundrande siger mot Russland i handball! Fekk tårer i augo og frysningar. Flottaste handballkampen eg har sett. ah<3.

I går kveld var eg og Irene hos Eirin og såg Varg Veum, og etterpå bada med i Rødstjødnå kl ca halv 2. Herlig:D
Låg hos Irene, og me laga pannekaker til frokost:)

Ellers hende det noko sjokkerande i går; Eg forstod bruken av kasus på portugisisk. Det er jo ikkje noko vanskeleg eigentleg! Lærarar er dårlege til å forklare, for eg forstod det aldri i tysktimane.

I morgon skulkar eg og Linda skulen (som me eigentleg ikkje går på no), for å dra på shopping i Haugesund. Ein trøst sidan eg forsov meg i går. Skal handle gaver til vertsfamilien og litt nødvendigheter til opphaldet mitt. Det skal verte koseleg:)

DnB er teit. Eg skal skifte til SR-bank fortast mogleg. Tirsdag vert det vel. Det tek ca ei veke, så må få det unnagjort. Alt der er gratis, og det er fint:) Gratis å ta ut penger i utlandet! Ah, redninga mi. Hos dei fleste andre kostar det 25-30 kr pr gong.

Berre ei helg igjen! Merkeleg kjensle. Skal bli utruleg godt å endeleg kome avgarde, men kjem til å sakne Sauda. Alle dei søte folka på skulen, at alle kjenner kvarandre, naturen. Eg bur verdas finaste plass.
Det er litt dumt. Alle andre stadar kan ta seg ei bolle og vere misunnelege:)
Men skal prøve å ta til takke med strender og palmar. Er ikkje gale det heller, heldigvis:)

19. august 2008

Vertsfamilie!

Endeleg er det min tur! Er plassert i ein familie på 6, der fem bur heime. Far på 47, mor på 45, utflytta dotter på 28, son på 21, son og dotter på 14 (må vere ein feil, for dei er visst ikkje tvillingar).
Baha:D

Skal bu i bydelen Quinta do Conde i Setúbal, 3-4 mil frå Lisboa. Perfekt!
Quinta do Conde er visst den mest tettbygde delen av området, sånn med masse tilsynelatande like hus. Julie vert bymenneske.


Det einaste negative er vel at det berre er ein velkomstfamilie. Men det gjer ikkje så mykje likevel, for passar eg godt inn i familien, vert eg nok buande, og passar eg ikkje inn, er det jo greit å skifte:)
Og så er det i ein storby, så då er det vel større sjans for å havne på same skule.

Tadamdidaaa:)

Og berre for å briefe litt, er dette då der eg skal opphalde meg:) (eigentleg ikkje, for eg skal bu midt inne på halvøya, men likevel, Setúbal vert jo byen min)

8. august 2008

Sydentur, avskjedar og torden

Eg får ikkje sagt det ofte nok, men tida går verkeleg altfor fort.

Eg har allereie vore i det koselege sommarhuset på Samsø i snart to dagar.
Málaga? Ja, var heilt topp, som forventa. Nei, eg døydde ikkje av varmen ein gong! Me svetta enormt, og det var ikkje tida til å bekymre seg om sveitteflekkar under armane, men eg vende meg stort sett til det. Eg tok meg til og med i å fryse ein kveld då det berre var rundt 25 grader:P
Me kjørte MASSE buss. Var i Granada og såg Alhambra (varmt, men heilt utruleg), besøkte Ronda, Salobrena der fetteren min bur, stranda i Torremolinos og Gibraltar(utruleg kult). Forutan sjølve Málaga,då.
Perfekt:)

Brukte eit døgn på å kome meg til Danmark. Drog frå hotellet rundt kl 3, tok flybuss til flyplassen, og flaug kl halv 6. Skifta i Frankfurt, og landa på Sola rundt halv 12. Me campa der og eg sov ca 1,5 time. Kl ti på 6 om morgonen kom den #%$&/# bussen som tok Nikolai frå meg.
Tru meg, det var verre enn planlagt. Folk såg litt rart på meg etterpå, men det får berre vere. Uventa store smerter over at det eg fann ut var det kjæraste eg har vart reve frå meg og var borte i noko som verkar for alltid, gjorde meg til eit snufsande, raudauga, opphovna vrak som somla meg gjennom sikkerhetskontrollen og byrja å hulke i hytt og pine.
Fælt.
Flyet til København gikk 06.40, og i Kastrup måtte eg vente i 2 og ein halv time på toget til hovudbanegården, og vidare til Kalundborg, der Samsø-ferja går frå.
Vart henta av mine kjære foreldre kvart over tre.

Her på Samsø var både Troels (storebror), Sigrid (storesøster) og Eirik(forlovede) og Ingrid(barn). Koseleg, men eg har vore heilt utslått og trøytt som ein blanding av søvnmangel og oppgitthet og tomhet etter Nikolai.

Sigrid, Eirik og Ingrid reiste nettopp, og då var endå ein avskjed ute av verda. Sigrid syns det var tristare enn eg trur eg, men eg er herda no:P
Fint for meg at avskjedane vert spredd litt utover, så ikkje alle kjem siste dagen.

Samsø er den plassen i Danmark med flest solskinsdagar i året. Men trur du ikkje at eg presterer å kome akkurat då det er møkkvær, og det har aldri hend meg før. I går lagte Troels bål i hagen, men det byrja å regne, så me måtte gå inn og ete. Og så byrja det å tordne svakt. Det endte med buldring og braking og blitzing ganske ofte utover kvelden, og når eg hadde lagt meg, hølja det ner. Verkeleg MYKJE regn. Eg vart redd for at det skulle regne gjennom taket. Men eg sov godt i alle fall.

No må eg støvsuge her. I morgon drar me til Jylland til Farmor og Farfar.

Både Lene og Åshild har kome fram. Eg og Åshild var i København på likt, men fekk ikke mogleghet til å møtast..

Have fun girls! Eg er misunneleg!:)
Berre 27 dagar igjen!:)

27. juli 2008

Málaga

No har eg pakka nesten ferdig. Manglar berre noko som må tørke først. Eg kan ikkje sei eg gledar meg til den dagen eg skal pakke til Portugal. Eg har store nok problem med å pakke klede til to og ei halv veke.
Trur eg må gjere det slik at eg pakkar i fleire veker før eg drar. Skal setje kofferten på golvet og putte oppi det eg kjem på.

Jaja, Málaga next:D Eg skal ikkje klage meir over varmen. Eg har funne ut at eg sannsynlegvis ikkje døyr likevel.
I går var dett nemleg 32,8 grader i skuggen på det varmaste, og eg sit jo her no.:P
Etter Málaga drar eg direkte fra Stavanger til København, og deretter til vårt herlege feriehus på Samsø. Vert nok ikkje blogging på eit par veker no, but stay tuned^^

So long, suckers! I'm going to Spain!:D

24. juli 2008

Varme

Ja, det er alltid noko å klage over. No er det 26 grader i skuggen, og 42 i sola. Eg har vore ute og solt meg, men måtte kapitulera pga overhengjande fare for heteslag. Det lovar godt.

Spesielt sidan eg nettopp sjekka vêret i Málaga .


Herleg det. Eg kjenner på meg at det vert svært slitsomt. I gjennomsnitt 32 grader den veka eg skal vere der. Det vil jo utvilsamt vere periodar med høgare temperatur óg. 
Jaja, mange før meg har opplevd storbyferie i høg temperatur, så eg overlever nok. Solforbrenning og dehydrasjon må ein kunne leve med.
Men gøy skal det bli!:)

23. juli 2008

PR, pinnebrød og sumar

I går kom avisa med intervjuet vårt. Tragedie. Sjølv om eg var den som for ein gongs skuld ikkje sa noko særleg, verka det som det var berre eg som va intervjua.
Og for dei som les "Ryfylke", så veit dei no at eg snakkar fem språk. Bullshit.
Lene sa det for tull, for når eg kjem heim, vil eg (forhåpentlegvis) snakke flytande portugisisk, dansk, norsk og ca flytande engelsk, og i tillegg pittelitt fransk og tysk.
Dette tok jo sumarvikaren med, sjølv om ho sa at ho ikkje skulle skrive det. "Big deal" tenkjer du, men i Sauda veit ALLE på ein eller annan måte kven eg er, og eg har 43 dagar igjen her. Det vert nok utallege dumme samtalar om det.

Jaja, "all PR er god PR" seier Åshild.
Me skal ha avskjedsdate på fredag, for på søndag drar eg og Nikolai til Stavanger, og så vidare til Málaga, Spania på mandag.

I dag reiste Sigrid, Eirik og Ingrid. Endeleg skal eg få sove lenger enn til kl 8. Greit at niesa mi er nydeleg, men ein får nok når ho byrjar å hyle (ikkje berre vanleg gråt her i huset; HYLING! Ho kvin som ein hysterisk gris) frå kl 6 om morgonen. Jaja, ein må lide for å ha ein stor familie.

Seinare i dag reiser foreldra mine på ferie, så då er eg og brorsan åleine heime resten av veka.

I forgårs var eg og Kristina på telttur på haugen bak huset vårt. Koseleg!:) Endeleg er det ordentleg sumar, slik ho skal vere:) ah, pinnebrød, pølser, marshmallows og nydeleg utsikt. A vida é bela:)


Véret i dag er heilt nydeleg. Endeleg. No skal eg sole meg:)

17. juli 2008

Leeenge igjen..

Før var eg alltid så glad for at eg var den siste som skulle reise, for då kunne alle fortelje meg korleis det gjekk ute i verda, og gje meg råd og tips . No meiner eg det er alt for lenge til eg skal dra. Herregud, 49 dagar igjen! Det verkar som ein evighet her eg sit. No har eg venta i ca 9 mnd, og har liksom tenkt at det kjem til å skje i sommar. Men så skal eg likevel vente heilt til ferien er slutt, og enda lenger.
Barh, har lyst å reise med ein gong, og få det starta. Eg gledar meg no:) Før hadde eg heilt angst, men no veit eg at det vert heilt topp! Har lest uendeleg mange bloggar i det siste, og alle reisebreva på www.AFS.no:)

Utålmodig!

15. juli 2008

Intervju ++

Idag har lokalavisa Ryfylke intervjua Åshild(Arizona, USA), Lene(Arkansas, USA) og eg om utvekslingsåret. Haha:)
Trur nok det vert nokre bra bilete i alle fall.

No byrjar eg å verte utålmodeg. Det er litt kjipt å måtte reise så lenge etter dei andre, eigentleg. Eg vil reise no. Men det er nesten to mnd igjen. Heldigvis går tre av vekene til med reising utanlands, og då reknar eg med at tida går fort. Spania vert i alle fall bra. Treng litt sol før eg flytter! Det har vore overskya stort sett heile ferien, føler eg. Dei dagane det har vore sol og varmt, måtte eg jobbe.. No har eg fri, og eg håpar véret betrar seg. Det er litt sol ute no :)

Om to veker drar eg til Màlaga, Spania med Nikolai:) Før den tida må eg ta avskjed med Åshild. Ho drar 6. august, og då er eg i Danmark. Hjelp, eg hatar avskjedar.
Me må finne på noko koseleg=)
Màlaga vil vere den siste veka mi med Nikolai; me tek avskjed på flyplassen i Stavanger når eg skal fly til Danmark, og han skal heim. Drama. Uff.

Men eg er rastlaus og utålmodig, og eg vil gjerne ha destinasjon og familie og flybillett med ein gong!

11. juli 2008

Endeleg info

No har endeleg infoen om Portugal kome.
Har nettopp lest gjennom tjue sider reisebeskriving, geografi, historie og vaner.
Litt mykje på ein gong, men interessant;)

Eg trur det er eit interessant land. Variert natur, og spanande skikkar og vanar.
Eg håpar verkeleg eg får oppleve nokre av festivalane og høgtidane på den tradisjonelle måten!:)

Det er skummelt at det hender no snart, men eg gledar meg fælt! Ti mnd er alt for lite.

Det er óg lagt ut lydspor med portugisisk-kurs. Ekstremt drøy uttale, men eg forstod faktisk det som vart sagt om språket på portugisisk:) Dermed er eg overbevist om at eg kjem til å forstå alt som vert sagt, så klart.

Eg byrjar å lure på om eg ikkje skulle tatt realfag likevel.. Kanskje eg får mykje meir ut av sjølve opphaldet dersom eg hadde vald samfunn og historie.
Hmm. Jaja, har trass alt nokre veker på meg til å prate med rådgivar etc på skulen, så det finn eg ut av. Hadde vore praktisk, for då hadde eg slept å dra med meg fem kg bøker!

8. juli 2008

Jobb på bursdagen!:O

Så grusomt. På torsdag skal eg jobbe til klokka halv 6.
Men har avtalt med Elisabeth at eg berre droppar pausen (gjer jo ikkje anna enn å ha pause uansett), og går heim halv 5 i stadenfor. :)
Men det er fælt likevel. Eg har aldri, aldri måtta gjere noko på bursdagen! Anten har eg vore på ferie, eller så har eg slappa av heime.
Jaja, tenar jo penger...:P

I det siste har eg vore svært positiv til utvekslingsåret:) Det kjem til å bli så bra:D
Meeen, ein ting blir nok mindre gøy; første skuledag! Det har eg ikkje tenkt på før:P Eg kjem til å føle meg utruleg utanfor, trur eg, og usikker på absolutt ALT.
Eg var jo dødsnervøs første skuledag på vidaregåande i fjor, og då kjende eg jo stort sett alle frå før.
Tenk no då; Nytt land, ny skule, nytt språk, nye folk, nytt alt! Eg veit sikkert ikkje kvar eg skal gjere av meg.
Jaja, det er jo berre ei lita stund, håpar eg:)

Ingrid er snart framme. Spanande!

6. juli 2008

Merkeleg draum

Språkdilemma; nynorsk, dialekt eller bokmål?
Eg tek nynorsk, for å vere litt rebell(H)

No er kjære Ingrid på veg til Oslo. IIiiiik! I morgon flyr ho til Tasmania. Tida flyr! Eg hugsar at ho sa at "no er det berre 8 veker igjen", og det verka lite. Jaja, på onsdag er ho der.
Det er snart min tur. To mnd til avgang i går.
Flyr kl 16.30 frå Gardermoen 5. september (Sigrid sin bursdag!:O ), og er framme ca tre timar seinare, kl 19.40.
Tralala, eg er spent. Vil gjerne vite kor eg skal snart!

I helga har eg vore på hytta til Nikolai:) Koseleg.
I natt drøymde eg utruleg verkeleg og heilt sjukt. (nei, ikkje noko sjokk det da, eg er kjend for sjuke draumar).

DRAUM: Eg hadde fått vertsfamilie. Det var slik at eg fekk lov å besøke dei først for å sjå korleis dei var før eg takka ja. Det var eit gammalt ektepar, på ca 70 år, og dei hadde ein svær hund og ein kanarifugl, og budde i Sveits eller liknande. Byen lå på ein bratt fjellskrent, så alle gatene var sånne hårnålsvingar. Dei budde i eit svært tårn, og det var gamleheim i etasjen under. Det einaste dei gjorde var å drikke kaffi og vere med dei på gamleheimen, så huset heile tida var fullt av gamle, senile folk.
Etter at eg hadde vore der, fann eg ut at det var den familien Åshild først hadde fått tilbod om, og ho hadde takka nei til å kome dit.
Eg visste ikkje kva eg skulle gjere, for det var jo ikkje slik eg ville bu, men viss eg sa nei, var det jo ikkje sikkert eg fekk nokon annan familie. Stort dilemma, og eg trur aldri eg bestemde meg. Eg var innpå AFS.no, og der stod det at pga mangel på vertsfamilie var reisen til Brasil og Venezuela flytta frå 8. august til 8. september.

Og så vakna eg.


Spesielt, ja. Men tenk viss eg får ein sånn familie? Det kan jo godt vere det. Eg har liksom innstilt meg på at eg får ein familie slik som dei andre, med ungar og sånt, men eg kan jo like godt kome til eit einsamt par, eller ein einsleg. uff, det har eg ikkje lyst til.

Jaja, no skal eg støvsuge. Eg kan ikkje spele fotball i Hellansbygd i dag, for fotballskoa mine er så små at eg har fått betennelse under storetånagla på venstre fot, og eg har ikkje fått nye enno. Æsj, eg må byrje å trene meir igjen. Sommarjobb gjer meg sløv. I Portugal har eg store planar om å starte eit nytt og mykje betre liv:)

29. juni 2008

Første innlegg

Åshild maste om at eg måtte ha meg ein blogg, så nå har eg altså tatt i bruk ein eg lagte for lenge siden.

Detta blir ein blogg der eg legge ut bilder og skrive litt om ka så skjer i livet mitt ette 5. september, men ikke forvent at eg brette ut alle følelsar og indre tankar på nettet.

I dag e det ti veker te eg reise. Det e egentlig lenge, men komme te å gå dritfort, e eg redd for:P
Ingrid reise om ei veka, og eg e dødsspent på hennas vegne:D Det blir sikkert dritbra!

Eg har ikke fått vita noe spesielt ennå, bare reisedatoane; Eg reise fra Gardermoen den 5. september, og komme heim igjen 26. eller 27. juni neste år.

Eg glede meg og grue meg. Eg e negativ for tiå, men det e bare fordi eg ikke har fått familie ennå. Når eg får det,klare eg sikkert ikke å venta te flyet lette:D

Portugal blir sikkert utrulig kult:) Håpe eg. Været ser ikke gale ut jaffal:)
største utfordringå blir språket, men ska vel klara det og:)
Nå vil eg helst bare få litt mer info, så e eg fornøyd!