11. juli 2008

Endeleg info

No har endeleg infoen om Portugal kome.
Har nettopp lest gjennom tjue sider reisebeskriving, geografi, historie og vaner.
Litt mykje på ein gong, men interessant;)

Eg trur det er eit interessant land. Variert natur, og spanande skikkar og vanar.
Eg håpar verkeleg eg får oppleve nokre av festivalane og høgtidane på den tradisjonelle måten!:)

Det er skummelt at det hender no snart, men eg gledar meg fælt! Ti mnd er alt for lite.

Det er óg lagt ut lydspor med portugisisk-kurs. Ekstremt drøy uttale, men eg forstod faktisk det som vart sagt om språket på portugisisk:) Dermed er eg overbevist om at eg kjem til å forstå alt som vert sagt, så klart.

Eg byrjar å lure på om eg ikkje skulle tatt realfag likevel.. Kanskje eg får mykje meir ut av sjølve opphaldet dersom eg hadde vald samfunn og historie.
Hmm. Jaja, har trass alt nokre veker på meg til å prate med rådgivar etc på skulen, så det finn eg ut av. Hadde vore praktisk, for då hadde eg slept å dra med meg fem kg bøker!

2 kommentarer:

Marte sa...

Æ tror vi satse på at det blir et bra år :D

æ lure mæ på om æ e enig i det om samfunnsfagen, æ ska i alle fall gå den linja : )

Marte sa...

Skull bare si det at æ har ny URL t bloggen min:

http://marteiportugal.blogspot.com/

haha ^^