31. januar 2009

Halvvegs!

Dette vert visst litt for ofte,men får gå for denne gong.

Sidan sist har det hend litt av kvart; USA har fått sin fyrste farga president, Portugal har gått inn i eit økonomisk svært vanskeleg år, og klimaet er meir ustabilt enn nokon gong.

I Quinta do COnde har det vore ein uvanleg kald vinter med ned til minus tre grader, eg har lært meg å spele introen på "Nothing else matters" på gitar, byrja på treningssenter og fått ny klasse.

Nyttårsafta vart tilbrakt i Lisboa med Juan og Charlotte, i stappfull metro, og med etterkvart heftige gnagsår pga for mykje vandring med høghælte sko. Fyrverkeriet var utruleg, og me fekk dansa til kl 4-5 i Club Havana før me vart henta og drog til Juan for å sove. Dagen derpå fekk eg besøk av Louis (New Zealand) som var helga over. Laurdagen hadde me eit lite AFS-treff i Lisboa med 8-10 stk frå området.

I juleferien gjorde me ikkje mykje. Mat, mat, maaat. Fekk verken dratt til Setúbal som planlagd eller noko. Ikkje at det overraska, for har ein tendens til å vere litt slakke med løftene.
Både reker, den berømde "bacalhau da Noruega", lam, kalkun og eit utal av kaker gjekk ned i løpet av romjula.

Juleafta var ikkje store greiene faktisk. Heller laber stemning pga "fyrste jul utan kone/mor" for Pedro og Mariana, fram til midnatt og gåveåpning.
Eg bekymra meg for at folk ikkje skulle huske meg då eg reiste frå alt kjent og kjært, men eg ende opp med å få fleire pakkar enn nokon gong før:)
Takk til alle (dykk veit sjølv kven) :)

Etter ferien byrja eg i 11A. For ein fryd:) Kunne ikkje fått betre klasse. Å ha realfag og vanskeleg matte igjen er herleg, sjølv om eg heng litt etter, og lærarane er mykje betre enn i den gamle klassen. Det er ikkje noko eg angrar på i alle fall.
Har funne ut no at den fyrste klassen ikkje var noko tess i det heile. 11A er ein stor familie, folk er generelt ganske merkelege, men utruleg kjekke, og etter ei veke var eg gode venner med nesten alle. Har vore der i tre veker no, og har allereie vore med ein gjeng eit par gangar for å syngje singstar, spele gitar/piano/kva elles som var i nærleiken, eller berre hengje i parken eller kantina når me ikkje har lærar. Herlege.

På torsdag hadde eg ikkje skule. Dei andre hadde nasjonal matteprøve frå 11 til 1, så eg kunne vere heime å slappe av. Halv 2 gjekk eg til skulen og møtte ein gjeng der, og me gjekk omlag 20 stk for å handle mat, og etterpå til huset til Pedro i parallellklassen. Der stellte me i stand grilling etc, spelte kort og berre koste oss.

I dag har eg vore på "canoagem" (kano-ing?), og tenk dykk, eg har heftig skille på låra ette våtdrakten. Og det er ennå januar. HAHA.

Neida, ikkje vert for misunnelege, det er ikke akkurat somar her endå. Eg byggjer opp min 17 forkjølelse denne vinteren, og i det siste har det regna mykje. Men sola er sterk når ho først er framme, ingen tvil om det. Eg har ein lite pen forestilling om ei cyklamefarga Julie som kjem heim ein gong i somarferien. Lovar dykk, det vert solkrem kvar dag når regntida her sluttar.

Og elles?
Trur eg nådde toppvekta mi litt etter juleferien. Nokonsinne, med unntak av evt graviditetar og liknanger unnskuldningar. Ikkje kom og sei at utveksling ikkje feitar. 8 kg.
Jaja, eg har vore på treningssenter her no i nesten ein mnd, og er på veg ned att:) Herleg å byrje å trene igjen. Det går i litt av kvart, hiphop, latina, muskulatur, spinning osv.
Vittig. Om kvelden når eg kjem er det alltid eit par bolemongoar eller 5 der som går rundt og flekser dei sprengte kroppane sine. Og trenaren som jobbar der er sikkert 65 år, og har enno unormalt stor overkropp. Og er fan av meg. Det er ikkje normalt at jenter trener, og iallfall ikkje at dei har muskler, så han fryder seg når eg kjem frå dansing ("Du gjer jo alt du!") og tar beinpress f eks ("Det er nokre musklar der,ja." "ja, eg spelte fotball" "eey, fotballspelaren vår") og etterpå spring to km på tredemølle for å trene til Corta-Mato.
Ja, det er sant, på torsdag skal eg døy nok ein gong. For to veker sidan drog me i buss til Sesimbra for å springe Corta-mato mot fem andre skular i området. Jenter er småslappe, som sagt, så me var berre 4 juniorar. Eg vant. Haha.
Så det bærer til Setúbal den 5. for neste runde. Vert eg blant topp 6 eller noko, skal eg til Lisboa og springe i det nasjonale løpet. Skremmande tanke, men skal prøve likevel. Tenk så vittig å kome til nasjonal konkurranse! Sjølv om eg ikkje gidd å få for stort håp. Det må da snart vere nokon som faktisk er godt trent. Nektar å tru at det ikkje fins jenter i landet som spring som meg, og eg har jo ikkje trent mykje ein gong. Tragisk:P

Og ellers? Jau, min første far her har lånt meg gitaren sin, så no sit eg her med såre fingertuppar etter å ha spelt i sikkert 3 timar i går. Føles godt å spele noko igjen:)

Når det har gått så long tid greier eg ikkje ein gong å hugse kva som har hend, så dette vert nok ikkje komplett referat, men pytt.

Eg har begynt å delta i portugisisktimane i stadenfor å ha tulleoppgåver for utlendingar. Det er kjekt, faktisk. Spesielt sidan eg i går var den einaste som hadde ein haug gramatikkoppgåver riktig:)
Det seier vel litt om språket her, syns eg. Herre jemini. Dei er 16 år, og treng enno å gjere gramatikkoppgåver og lære forskjellane på div verbtider og konjunktiv og andre herlegdomar. Komplisert språk sa du? I dei siste åra av skuletida er det enno naudsynt. Jøss.
Men eg byrjar å få grepet på det:) Forstår alt, kan alle verbformane stort sett, skriv nesten perfekt, men manglar enno ordforråd (trur aldri det vert dekkja - den portugisiske rettskrivingsordboka er på 5000 sider har eg høyrd, og tvilar heller ikkje), og ønskjer ganske intenst å fjerne den stygge norpiske aksenten min. Men det er jo enno eit par mnd igjen til å jobbe med slikt.

I DAG ER EG HALLVEIS. Hjølp. Eg har mista kontrollen over tidtakinga. På ein måte kjennes det som om eg har vore her i ti år, på den andre sida verkar det som eg kom i går. At det går for fort er det ikkje tvil om, men det har eg moglegvis nemnd før:P

Anna som hender? Fotballkampar i bingen med Dúlio og folk i helgene (hahaha, det gjekk så langt at Dúlio fekk nokre guttungar til å tru at han var den personlege trenaren min, sidan eg var proff. Fett nok det, har ikkje trent fotball på over ei år!)
Det har vore streik igjen på skulen, og trur det kjem ein i februar óg.

Eg har fonne ut noko:
I generelt perspektiv er norsk ungdom ein tragedie. Rett og slett. Ikkje dykk som les dette, så klart, men generelt sett. Fy søren. Ein gjeng bortskjemte, kvalme dritungar. På torsdag kom Matilde bort og stakk bokstavleg talt fingen inn i auga mitt. "Brukar du sminke?". Og dei som kjenner meg vei at eg brukar ca 2 gram maskara, og at det heime vert rekna for ingenting. Nesten Ingen av jentene her bruker sminke, og merkeleg nok syns eg dei er søtare enn mange norske. Eg fryda meg stort då Ana Lúcia (i den forrige klassen) hadde teke på seg brunkrem, og alle kom bort og rett og slett lo av henne(ikkje vondt meint, så klart) pga brunkremskille. Kvifor kan ikkje folk vere litt naturlegare heime? Det er MYKJE igjen å lære.
Ein merkar det liksom i lufta at folk her er meir jordnære på ein måte. Klassen min er mektig opphengt i "Klimaklubben" dei har, og det er inga skam å gå ei to minutts omveg for å hive søppel i den rette dunken.
Her kan ein liksom prate om, kva skal eg kalle det.. , "viktige ting" utan å nokon gong verte sett på som nerd eller noko. Eg seier ikkje at det ikkje er mogleg heime heller, men der får ein gjerne ein kjensle av å bli stempla som "ukul" dersom ein t.d. går inn i ungdomspolitikk.
Her går jo til og med elevane i streik for å støtte lærarane. Tenk dykk, frå 7.-8. klasse. Hadde det hend heime?
Heime gidder folk ikkje ein gong å møte opp for å vise sin støtte for nynorsken, ein av dei viktigaste delane av kulturarven vår.
Folk bryr seg. Om dei rette tinga, og ikkje om bagatellar. Alle er seg sjølv fullt ut, og vert aksepterte slik. Klart det er folk som ikkje likar kvarandre, men dei er ikkje falske for å bli likt, og er det gnisningar, er det inga løyndom, då likar dei ikkje kverandre, folk veit det, og ferdig med det.
NOKO Å LÆRE.

Idag fyller Juan 17, og litt seinare skal eg og Tilmann på bursdagsmiddag. Mora hans inviterte oss, og han veit det ikkje. Skal bli kos:)

Nå vert det ikkje meir akkurat i dag. Håpar det er litt å kose seg med den neste månaden. Hahah, sorry Hallvard, men det kan fort skje;)