15. mai 2009

Livsteikn i finvéret:)

Oppdatering er eit ord eg aldri har forstått.

Tenkte eg skulle blogge igjen, men før eg får satt meg ned, har det gått tre veker.


Eg kan starte med det negative og deretter spe på med kjekke ting.
AFS Portugal er ikkje verdas best organiserte organisasjon. Eg kom ikkje til Algarve med Cassidy i påsken berre på grunn av somling, og eg vart her, og ferien var i det heile ganske sløv. Heldigvis kom min yndlingsfamilie frå Tomar og henta meg, så eg var der fem dagar. Og eg må ikkje gløyme at Nikolai kom på besøk siste helga, og me fekk vore litt turistar i lag med Dúlio og Maria, kjærasten han. Veldig koselig:)

Ikkje høyrde eg meir om familie heller. AFS kom innom ein mondagskveld, men det fekk me ikkje noko særleg utav nokon av oss, då det var mest unyttig prating. Etter det endra intet seg, og dei tok aldri meir kontakt.
Eg skreiv eit dundrande klagebrev, og då var det "takk for at du delte meininga di med oss" og så ville dei at eg skulle kome og utveksle idear med dei, men eg er stort sett alltid blakk, så eg kom aldri så langt.
Eg har overgitt meg med hensyn til det. Eller, eg har heva meg over det, og gidd rett og slett ikkje bruke energi på det. Eg kan ikkje gjere noko med det likevel. Her. På den andre sida har eg meldt meg som frivilleg i AFS Norge. Kan i det minste prøve å forhindre at det hender andre studentar etter meg, og vende ubehagelege erfaringar til noko positivt:)

Herleg å byrje på skulen etter påsken. Kjekke folk:)
Etter å ha fått sosialisert meg litt igjen, drog eg til Monica (California) i Cascais fredag-laurdag, og me fekk ha jentekveld med film og prating heile nattå. Søndag såg eg landsmesterskapet i bryting - Ana Lisa frå klassen vant.

Eg har alltid flaks. 20 - 25/4 var sportsuke på skulen. Difor hadde me ikkje gym, og mondag gjekk me og spelte fotball i bingen i stadenfor. Eg greide å vri om ankelen noko inn i granskauen, heilt på eiga hand. Herleg.
I løpet av to minutt hovna heile greia opp til ein raud og dunkande klump, og ettersom eg er sta som eit esel, gjekk eg dei tre km heim etterpå, og fortsatte med å gå til skulen. I dagane som fulgte vart han lilla og grøn, og det heile var ganske vakkert.

Sportsveke ja. Fin ting, med andre skular i området som kom til vår for å delta. Og eg var skreve opp på tre ting, og MÅTTE berre, til tross for stygg halting. Volleyballturnering tirsdag, onsdag nekta læraren meg å delta i sprint (forstår ikkje kvifor, eg greier å springe fort med vond ankel og!), og høgdehopp etterpå gjorde litt for vondt. Torsdag var det ein kjekk gjeng inn i ein buss, og så bar det til Lagoa de Albufeira med padling. Greit nokk at eg og Mariana var dei einaste jentene i vår gruppe, men LIKEVEL slo me gutane i hastighet! HAHA.
Det var kos.

Fredag var det avslutning, og me fekk lurt lærarane til å la oss få sleppe undervisning og såg akrobatikk og utekonsert med skulen sine band ute i den steikjande sola. I løpet av den siste månaden har me hatt mange svært varme dagar. Trur allereie me har vore oppe i 35 gr.

25/4 er Portugals frigjøringsdag, då det i 1974 var revolusjon som velta diktaturregimet, og mange av dei siste koloniane vart sjølvstendige.
Det var laurdagen, og fredag vart eg med Daniela til ei venninne i Seixal, kor me drog på konsert med "Xutos e Pontapés" - portugals svar på DumDum Boys. Starta med fyrverkeri midnatt, og etterpå stod me og hoppa (framleis med vond ankel) i lag med folk frå klassen til klokka 3.
Kom heim til croassantar og berlinerbollar (IKKJE kom hit og sei at det er lett å unngå å leggje på seg), og sovna i 5 tida.

Mandagen etter var ankelen min litt mindre fråstøtande, men det verka på ein skremmande måte, så eg gjekk heim frå fysikken, og me kjørte til sjukehuset i Almada (Lindaaa, våre første minner!). Fantastisk annleis.
Måtte sitje og vente på at dei ropte meg opp i høgtalarane i eit bråkete venterom, og berre pasienten får kome inn, og i den første korridoren var synet som møtte meg masse trillesenger med sjuke og skada i midt i det heile.
Eg sneik meg forbi, venta ein evigheit på røntgen, og fekk vite at alt var bare bra - bortsett at ankelen var forstua. Ingen trening i to veker. Æsj.

Det neste store, omveltande som skjedde var at mine EKTE foreldre kom på besøk. Snålt, eigentleg. For dei som har tenkt seg å dra på utveksling; det er ikkje nødvendig å få besøk av familien. Eg vil råde dykk til å la vær. Det var koseleg, men situasjonen kan skape litt gnissing, og når du først har prata med dei, ser du at alt er ved det same, og du like godt kunne venta to mnd meir.
Men for at ingen av vedkommande skal verte sinte på meg; det var svært koseleg, og endeleg nokon å prate med som kjenner meg skikkeleg, og veit korleis eg er.
Om ikkje anna, fekk eg vore meir turist den veka enn eg har vore resten av året.
Me såg "West Side Story" i Lisboa, drog til Sintra, Cascais, endeleg kjøpt nye klede til meg, og så endte alt i helga då me drog til Tomar i lag. Herleg:)
Søndag drog eg heim igjen, og dei vart der for å fortsette sin europareise mot nord.

Må berre nemnast; torsdag hadde klassen nasjonal eksamen - Julie hadde fri. Me drog til Cascais og overnatta hos familien til Monica, og var på stranda. Fredag morgon drog eg til Lisboa for å møte klassen og dra på studietur, før eg fortsatte til Tomar med dei gamle.
Møttes i Belém på ein skule for døve. Eg angrar ikkje på at eg vart med i det heile. Det var superinteressant. Eg vart heilt inspirert, og fekk litt lyst å jobbe med slikt. Det er som å komme til ei anna kultur, då du ikkje forstår noko av kva dei seier - alt går på teiknspråk. Då er det plutseleg du som kjenner deg annleis, sjølv om det nok er dei som vanlegvis får merkelege blikk. Utruleg spanande å få svar på korleis dei greier seg i kvardagen, om dei høyrer musikk osv.
Og eg har aldri møtt så imøtekomande menneske. Eg gleid rett inn; eg har jo erfaring med å vere framand, i motsetnad til resten av folka frå skulen min som klumpa seg litt saman.
Og sjølv om ein ikkje kan snakke saman, er det lett å kommunisere. Mange av dei er berre halvdøve, og greier å prate forståeleg, og var det noko eg ikkje fatta, var det nokon til å oversetje. Men mange ting med teiknspråk er ganske opplagte, så klart.
Dei fascinerte meg. Dei har rett, dei er jo ikkje annleise, dei har berre eit problem med øyrene.
Tenkje seg, me spelte fotball med dei; vår skule mot dei døve. Dei knuste oss, og ingen prata saman. Er mykje meir observante vil eg tru.
Og så fekk me sjå korleis dei spelar musikk. Oppvising i gymsalen med stortrommer og dansing. Dei kjenner vibrasjonane dersom dei ikkje greier å høyre lyden. Fascinerande. Alle i takt, og dei hadde danseoppvisning, og dei kan ikkje høyre.
Eg drog ikkje med klassen tilbake, då eg skulle møte foreldra mine i Lisboa og dra til Tomar. Fekk selskap på bussen heilt til den siste stasjonen, og fekk lært alfabetet på LGP (portugisisk teiknspråk. Ja, dei har eit i kvart land, slik som andre språk - til og med dialektar) på vegen.

Det manglar tre veker på skulen. Sjukt. No er me nedlessa i prøvar og gruppearbeid, og alle er bra leie.

I dag var me hos Daniela etter skulen i selskap, for ho hadde bursdag i går. Eg er mett enno. Forstår godt at ho er litt rundt, for makan til god mat! Eg som ellers har tatt av to kg dei siste to vekene fekk brutt mine nye matvanar. Jaja, det får gå for ein dag.

Ellers har eg det bra:) Det som har hendt, har hendt, og er fortid. :) Ingenting er umogleg:)
Eg har nokre augneblikk, som i går kveld, då eg vart trist, men då er det fordi eg innsjår at tida går. Eg saknar heime no, og det skal bli godt å setje føtene på norsk fjell att, men eg har ikkje lyst å dra herifrå. Det vert vanskeleg. I dag er det akkurat 6 veker igjen. Eg veit ikkje kor dette året har vorte av.
Det er ikkje berre berre når eg byrjar å innsjå at eg snart er vaksen. Den lykkelege bobla av uskuldeg ungdomstid har brista, og når eg kjem tilbake, har vennene mine sertifikat, eg vert myndig, folk har endra seg, flytta, og sjølve denne magien frå oppveksten vil vere borte.
Det vil ikkje vere så gøy å vere vaken heile natta, sjå ein film med 18årsgrense har mista spenninga, dei uskuldege forelskelsane vil vere forbi,kranglar med foreldre er overstått og me flytter heimefrå- no er me jo vaksne. Me kan gjere som me vil, og skal ta vare på oss sjølve.
Tru det eller ei, det verkar ikkje så fristande på meg.
Å vere 16 for alltid hadde ikkje plaga meg i det heile tatt:)

Men for all del, skal ikkje sløse vekk livet mitt på melankoli. Har endå eit år igjen i Sauda, og russetida skal bli topp!

Forresten skal eg feire 17. mai på søndag på den Norske Ambassaden i lag med de andre nordkvinnene som kjem nedover:)

Må halde fokusen og vere glad for at eg har hatt ein så bra oppvekst, med så mange gode minner:) "Ikke gråt fordi det er over - smil fordi det skjedde" seies det.
Tunge stunder vil alltid eksistere, men det nytter ikkje å sitje og sutre over alt som ein gang var.

The best is yet to come!:)






P.S. Eg har lagt på meg masse på hendene. Normalt ja, pølsefingrer.

28. mars 2009

Turbulent liv og endeleg ferie:)

No har eg vore over eit halvt år bort frå alt kjent og kjært. Merkeleg kjensle, det verkar både som 20 år og tre veker.

Sjølv om eg har høyrd at det tek tre år fram til jul, og 3 veker fram til somaren, gjeld det ikkje heilt meg. Den siste månaden har vore ganske tung. Jada, alle kan ta feil. Eg var svært nøgd då eg overlevde første delen pluss jula utan nedturar, og tenkte at dette gjekk fint.
Plutselig kom det sterkt tilbake, slag i trynet som gjorde februar til ein emosjonell nedtur. Ikkje bra. Det var vel ei blanding av guteproblemer (eg er portugisisk no, har hatt verdas kortaste forhald, viss ein i det heile teke kan kalle det forhald - tre veker) og mangel på skikkeleg gode venner. Har masse venner, men er først dei to siste vekene eg har byrja å utvikle "bestevennskap" med nokre. Desse to faktorane lokka fram til overflaten faktumet at familien min ikkje er heilt topp. Eg har alltid vore klar over det, men eg har hatt det så fint at eg ikkje har tenkt så mykje over det. Men det kom plutseleg over meg, og eg har hatt ei ganske tøff tid. Eg sakna å ha ein familie, og ikkje berre ei seng å sove i.
Det er augneblikk der ein finn ut at ein er ikkje så stor og tøff som ein skulle tru, og all sjølvtilliten som har bygd seg opp fordi ein har klart seg så fint så langt i den tru at ein er verdsmeister og vaksen nok til å takle alt, berre bryt saman og ein sit der liten og einsam og berre treng ein god klem frå nokon ein er glad i.

Nok med klissete prat, i oppsummering er problema desse; Eg kjenner meg ikkje som ein del av familien, meir som ein feriegjest. Luisa og Luis er meget hyggjelege menneske, men det er som om dei ikkje slepp meg heilt inn i livet sitt, og at dei og held avstand frå meg og mine sakar for ikkje å blande seg inn.
Det er mest Luisa som er problemet. Alle har vel sine sære sider, men ho er ganske vanskeleg å komme innpå. Det er som om ho har lukka seg - gjerne med god grunn; mannen døydde i ei trafikkulykke for tretten år sidan, då ho var 38, og etterlot henne åleine med to ungar og masse problemar.
Me pratar ilag, men det kjem aldri lenger enn overfladisk prat om praktiske ting, stort sett.
Luis er ein engel. Han er rett og slett kjempesøt, og med han kan eg prate om kva som helst, men han jobbar ettermiddag frå 4 til midnatt kvar dag utanom mondag, og då har eg skule til kl 5, så det kan gå dagar utan at eg ser han.

Som sagt var eg ganske longt nede, for dum som eg er går eg rundt og held det inne, og pratar ikkje om det når det er på det verste, noko eg ser no at eg burde gjort.
Då det utvikla seg til ein periode med bulimi, fekk eg nok, og tok kontakt med rådgjevaren min Yolanda, vertsmora til Juan. Hu inviterte meg på middag straks, og eg fekk sleppt ut flommen av ubehagelegdomar eg hadde gått og ruga på, og byrja å grine for fyrste gong sidan Mille døydde i november, og denne gong så eg trudde hjarta skulle briste. Men det var deilig.

For to veker sidan overnatta eg der, og eg hadde fått så nok at eg sa eg ville skifte familie viss det var mogleg. Problemet er at AFS ikkje berre skiftar familie utan videre, dei må ha eit problem. Og me har jo i grunn ikkje problemer, eg har jo ein kjekk familie som er snille med meg og lar meg gjere stort sett kva eg vil osv, og dei har ikkje peiling på at eg ikkje har det så bra ( for meg er det kanskje det som svir, at dei ikkje ser det), så eg kan ikkje bytte før det er eit problem som me har prøvt å løyse på alle måtar.
Me møtte óg Célia, sjefen for området Costa Azul, for å prate om dette, og då eg og Juan sprong minimaraton sist sundag, drog dei to damene hit for å konversere med L&L og sjekke ut korleis det står til. veit enno ikkje kva dei prata om, men dei rakk aldri å prate om meg og mine problem, så dei her heime veit det ennå ikkje. Og eg har ikkje hjarta til å seie det.

Men slik var det. Men ingen grunn til panikk, det går betre og betre. Det gjer meg sterkare, kan du seie, og eg lærar å sette meir pris på alt. På ein måte er det nok sunt, sjølv om det ikkje alltid er like behageleg.
Bulimianfallet vil eg seie eg har kome over allereie (det er derfor eg skriv det her. Viss ikkje hadde eg ikkje nemnd det), og eg har funne ut at eg har meir støtte i familien Santos enn eg hadde tenkt. Dei er den verkelege familien min, fy søren som eg kjem til å sakne dei. Eg tilbringer meir tid der enn heime:)
Og elles er det ein god hjelp i véret, som no, fyrste dagen i påskeferien (HAHAHA, ta dén:D ) er blåsande, men med sol. Fyrste nedgong i temperaturen på sikkert to veker. Mens eg mottek oppdateringar heimefrå med heile TI grader ein sjeldan gong i blandt, går eg rundt her og sveittar som ein gris på veg heim frå skulen, og blir solbrend på nasen etter ein halvtime utan beskyttelse. Véret er som i juli heime, og eg elskar det. Noko eg kjem til å sakne fælt i allefall. Eg er brun og fin, i allefall i andletet og på brystet, og med dei kraftegaste sokkemerkene (då eg ikkje har strand i nærleiken, er det berre desse delane som kjem ut i solskinet), og eg vert blondare og blondare. Fantastisk:)
Dette er noko som gjer livet lett å leve!:)

Sidan sist har det vel eigentleg hendt ganske mykje. Tida flyr, til og med når det går dårleg.
På den andre sida er det sikkert like greit at eg ikkje har det fantastisk heime, for utanom går det strålande, og hadde familien vore perfekt, ahdde eg aldri ville kome heim igjen, hehe.
Store hendingar sidan sist, utover turar til Lisboa, kakebaking, filmsjåing og gale påfunn med Vanessa, Singstarkveldar med klassen, fotballspeling i bingen, marknad i helga osv, som er hyggjelege ting som fyller dagane mine til vanleg; Etter å ha vunne dei to første Corta-Mato-ane, drog me til Moina for å delta i distriktsløpet. Eg flippa ut då me ankom og det sikkert var 500 deltakande elevar eller meir, og eg ikkje hadde trent. I vår gruppe var me rundt 30 stk, inkl. nasjonale vinnerar av friidrett o.l., noko som fekk oss andre til å døy. Til slutt ser det ut til at eg har sløst vekk eit sjukt talent i løpet av min ungdom, då eg greide, som sagt utan å ha trent, å kome på 4. plass. Hadde greidd 3. hadde det ikkje vore for ein taktisk feil, og eg sprang på utsida av ein søledam istadenfor innsida.
Nøgd med det, og eg var i betre stand etter løpet enn dei tre medaljevinnarane. Viss ikkje systemet hadde vore teit og ikkje latt juniorane delta i det nasjonale løpet, hadde eg skulle springe i Lisboa snart, men det er ikkje noko å gjere med, sjølv om det hadde vore noko å skryte av:D
Sist helg sprong eg minimaraton i Lisboa. 8 km på 45 min, over ponte 25 de Abril. Snodig, hadde heller ikkje trent til det. Jaja, noko må dei heftige leggane mine vel vere gode for.

Og må ikkje gløyme karneval! Det er jo noko av det festlegaste eg har vore med på her, heilt klart. Siste veka i februar får alle fri tre dagar ekstra frå skulen, og fredagen før ferien møtte alle opp i huset til André før skulen for å kle seg ut. Eg elskar klassen min.
Gutane fekk for ein gang i året kose seg med å kle på seg BH-ar, høghælte sko, kjolar og leppestift, og skuledagen gjekk i oppløysing pga etterspørsel av opptog gjennom klasseromma o.l.
Om søndagen drog me til Sesimbra for å sjå opptog. Sambadansarane er ikkje heite brasilianske babes, men heller vanlege, smålubne portugiserar, men det var likevel verdt å stå i fleire timar og sjå opptog, høyre musikk og sjå flotte kostymar. Dagen etter gjekk me ut om natta i Sesimbra, og smakte på livet. Folk er så vilt kreative når det gjeld kostymer her, og ingen er redd for å kle seg ut og naute seg. Herleg. Kom tilbake til Quinta do Conde kl 4 om natta, og overnatta hos Matilde.
Dagen etter var me heilt daude, men far til André kom og henta oss, og då han inviterte meg på lunsj med dei, sa eg ikkje nei takk, sjølv om det gjerne var litt kinkig å sitje og ete middag med eks-"svigerfamilien" din. Haha, jaja, så fekk eg opplevd det óg.

Helgene mine er fulle. Etter karnevalet, hadde Ana Cristina og Paula bursdag, og inviterte 30-40 stk til fest i kjellaren til Paula, inkl overnatting. (nordmenn har så mykej å lære om å være ansvarsfulle)
Masse mat, karaoke, biljard, bursdagssangar, musikk, film og mislykka forsøk på å sove med 20 andre rundt om på golvet.
Då eg var plassert på ein lusen madrass mellom dei to gutane som ikkej greier å halde kjeft, og hadde satt seg i hovudet at ingen skulle få sove så lenge dei ikkje sov, fekk eg ikkje søvn den natta. Neste dag, etter frukost beståande av bursdagskake, drog eg til Tomar. Kraftanstrengelse. Besøkte Aputsiaq og hans fantastiske familie, og eg drog med han på ball. Det var sløs av penger, var ikkje verdt det i det heile tatt. Eg syns nesten vårt ball i Sauda er meir interessant, og der kjenner eg folka i det minste. Men så veit vi det.
Eg var oppe 44 timar i strekk, minus 30 min søvn på toget.

For to veker siden drog eg til Cascais for å besøke Monica, amerikanar frå AFS, ilag med Cassidy, Wilson og Erica. Det var kjempekos, og fekk jo finpussa den amerikanske aksenten. Me møttes i Sete Rios om kvelden fredagen, og drog til det syke 1800-tallgodset til Monica. Med hage med gras og stort tre ! (haha, eg er påverka. den gjennomsnittlege norske hagen slår den flekken ned i støvlane, men her har dei fleste berre eit par kvadrat med fliser)
Fredag natt drog me på disko. As Docas atter ein gong, på Buddha. Eg foretrekker Havana, heilt klart. Har aldri fatta den monotone, hjernevaskande dunkemusikken.
Men det var festlig, og med Cassidy er det alltid liv. Me drog heim med det fyrste toget klokka halv 6 om morgonen, og sov til kl halv tolv. Etter frukost gjekk me til stranda (det er nokon som har det i nærleiken!), og til årets fyrste bad! I midten av mars. Aaah. Dette er i allefall drepen på planane om å bli i Noreg heile livet.
Om ettermiddagen drog me til Lisboa og møtte Juan og Matthias (frå Østerrike), og eg og Juan drog heim til han, og eg overnatta hos dei. Sundagen var det middag hos bestemora, før me såg ein lokal fotballkamp, og køyrde meg heim.

Sist veke var óg ganske herleg. Torsdag gjekk eg tidlegare frå gymmen fordi eg måtte til Lisboa. Der møtte eg Juan, og Yolanda og Célia, og me hadde møte om familieproblemer.
Etter det,gjekk eg og Juan til Campo Pequeno og JASON MRAZ.
Fy SØREN, fantastisk fanstastisk.
Eg er mållaus:) Aaaah, eg skal gifte meg med han, adoptere Vanessa og flytte til Fiji.
Eg kjende stort sett berre til "I'm yours", men han gav meg hakeslepp. Fantastisk dyktig musikar. Eg har ikkje ord. Tok publikum med storm (noko som evt er mykje lettare her enn heime, då folk her veit å lage liv og sleppe seg laus), etter oppvarming med ein lita tulle frå det kalde nord - Marit Larsen.
Etter å ha høyrd heile tyrefektingsplassen vibrere og sjå taket lette då alle brøler "I'm yours" og "everythiiiiiing's gonna be okaaaay", var eg rusa heilt til neste dag.
Hatten av for den, ja!
Eg bør vere utbrent snart, eg sov jo aldri. Kom heim kl 2, og hadde filosofiprøve første timen neste dag, og hadde ikkje pugga. Jaja, eg byrjar å bli flink til å forstå korleis ein skal fable og vasse rundt i tankespinn for å få gode karakterar i filosofi, så eg fekk dog 13, noko som er ok bra uten å ha pugga. Om kvelden var det nok ein bursdagsfest, denne gong Ana-Lisa og Ricardo, henhaldsvis 17 og 18. Overnatting hos Ana, masse mat (her er dei ikkje dumme; alle tek med ein ting, snack eller kake for å spare utgifter for verten), kreative lekar om ettermiddagen, vannkrig, singstar, karaoke, oppsetjing av telt og tøysing. Kreative gåver vart utdelt i form av opplblåsbar dokke og vibrator, noko som var tema heile festen. Hadde det ekstra moro då me fann ut at vibrator faktisk er utruleg god til massasje.
Nok ein gong vart me stappa saman på golvet i den vesle stova, eller på stolar, i trappa, eller i mitt tilfelle på kanten av sofaen, og ellers i telta utanfor.
Me satte på ein film og døste av før Tiago hadde fått for seg å vekkje oss kl 6. Nok ei natt med ein halvtimes søvn. Formiddagen gjekk med å grille og lage mat, slikke sol og spele gitar, playstation og ellers berre slappe av.
Sundagen bar det til Lisboa for å slite seg ut ilag med 30000 andre.

Denne veka har vore fæl på skulen, då me absolutt skulle slitast ut før ferien. Torsdag og fredag gjorde me ikkje anna enn å møte opp til timen, sitte og prate medan læraren delte ut karakterane (Her lesast de opp i klassen og diskuterast), og ellers sitje i sola og spele gitar og syngje, synge karaoke på bærbar playstation i baren, og gå til Lidl og kjøpe is.
Ettersom eg denne perioden berre har fått 3 karakterar, har eg eit av dei beste snitta i klassen. Eg gjentar, skala frå 1-20, mindre enn ti er negativ. 20 i engelsk, 20 i gym (hahaha, gymlæraren er festleg. Eg hadde fått 19, men så sa han "eg trur nok eg endrar denne til ein tjue, ettersom Julie kvalifiserte seg til nasjonalen i Corta-Mato". André; "i fjor sprang eg jo, og då fekk eg og bra plassering,, men det hadde ikkje noko å seie" lærar; "jaja, men kor mange sprong du mot?" André; "trur me var 50" Lærar; "jaja, men Julie sprang mot nesten 500. Gjorde du ikkje Julie?" Julie; "joooda, jøss. Me var 500, me var det." Snakkar me forskjellsbehandling eller?:D Han diggar meg, enkelt og greit.)
og 15 i filosofi (:D:D:D). Viss eg hadde fått karakter i dei andre hadde eg fått 11 i matte, 9 i fysikk og kjemi (æsj, negativ), og 12 i portugisisk (Waaaah, vilt, er nøgd med det. Portugisisk er eit sjukt fag. Eg trur ikkje eingang læraren, som er min favoritt, han pratar som ein gud og veit så mykje, hadde fått 20 i det. Sikkert halve klassen får negativ. Tenk det.), og i geologi/biologi veit eg ikkje, då læraren ikkje retta den siste prøven min.
Men hadde uansett fått eit brukbart snitt. Målet for neste periode er å ikkje få mindre enn 13 i noko. Eg må byrje å gjere lekser. Blah, det likar eg ikkje.
No manglar eg berre å fullføre ein geologi-innføring, så kan eg slappe av.

Aaaaaah, ferie!
over to veker. Og med dette véret er det jo som ein mini-somarferie:D
På onsdag skal eg til Algarve!
Eg dreg tre dagar med Cassidy og den amerikanske mora til Algarve:D Skal bli digg. Me to er den typen som vart bestevenner etter ti minutt. Kjekt kjekt kjekt. Og etterpå skal eg på camping eit par dagar.
Og så kjem Nikolai på besøk, og eg skal leke turist i eige land eit par dagar der og.

Så bortsett fra stress med familien, som no byrjar å forbetre seg, har eg det heilt OK:)

Alt som går opp må komme ned. Og omvendt. Som person er eg mykje sterkare, og for kvar ting eg gjer, og som går dårleg, vil eg klare meg betre neste gong. Mot slutten av året vil eg vere klar for å møte verda åleine. Eller om litt lenger, etter å ha heldt ut nok ein langdryg norsk vinter i 3. på Sauda VGS.:D


Eg må berre seie ein ting; No har eg lært kven som er mine ekte venner heime. Tusen takk for å vere der for meg når eg treng det. Utan dykk heime, hadde er brøte saman for lenge sidan. <3
Eg har ikkje ord.
Det er her eg har funne ut kven som verkeleg er vennene mine heime, og kven som er kjekke folk eg kjenner.
Dykk veit kven dykk er, skriv ikkje namn, i tilfelle eg skulle gløyme nokon.
Skype-samtalar, brev og pakkar varmar meir enn dykk anar.
Og unnskyld for å ikkje ha skreve verken brev eller blogg på lenge, men livet mitt har vore litt frustrerande.
Dykk er dei beste. Ein reiser verda rundt, ser utrulege ting og møter fantastiske mennesker, berre for å finne ut at ein heile tida har hatt dei beste rundt seg heile tida.

No går det bra. Det er sommer, det er sol og det er ferie, problema er eg på veg over, bulimi-tullet er overstått i likhet med teite, umodne gutar, og med familien, viss det ikkje skjer endringar, får eg setje pris på at dei i det heile tatt vil ha meg her, og heller bruke familien Santos som ekte familie. Eg har det jo ikkje fælt, for all del.

No skal eg låne sykkelen til familien Santos (her er ein rik, veit dykk. Ellers køyrar dei bil OVERALT), ta meg ein treningstur, før me skal se på danseturnering med nokre i klassen, og etterpå er det landskamp Portugal-Sverige hos Ana. (Ana Sofia. Det er ikkje særleg kreative med namn. Trur dei har kanskje ti til kvart kjønn. Berre i klassen har eg 3x Ana, 2x Tiago, 2x André, 2x Bruno. Har seks Ana-ar i telefonlista)

Etter å ha blitt tildelt prisen som Noregs dårlegaste bloggar, har eg forhåpentlegvis fått stogga litt av nyfikenheten dykkar der heime. Nei, eg har ikkje gløymd dykk, det er ingen fare for det:)

Haha, nynorsk lenge leve.


God Påske!:) send meg eit påskeegg;)

1. mars 2009

Gode venner<3

Litt underhaldning medan eg komponerer neste storverk. Er i Tomar i dag saa vert tidlegast publisert i morgon.
Min kjaere moder sa; "Ingen kjenner dagen foer sola har gaatt ned".
Saa sant saa san. Greit at eg hahr faatt masse venner her, men det er no eg innser kor mykje dei heimefraa betyr. Dykk er best:)
Det ligg ein pakke og ventar paa meg paa posten som skal hentast i morgon :D Klarer ikkje vente!

Og Linda, du er "the chocolate on my sundae". <3 SAKNAR deg.

Sjekk kor herleg bestevenn eg har, og ver misunnelege:
http://norgenytt.blogg.no/
Starta med mailar for ei veke sidan, men eho har bestemt seg for aa gaa public. God idé meiner eg:)
Eg har ikkje ord, soete deg:)

I dag regnar det faelt her i Tomar. Men det gjer ikkje noko, for huset og familien til Aputsiaq er herlige. Eg har ikkje lyst aa reise heim.

over og ut for i dag

31. januar 2009

Halvvegs!

Dette vert visst litt for ofte,men får gå for denne gong.

Sidan sist har det hend litt av kvart; USA har fått sin fyrste farga president, Portugal har gått inn i eit økonomisk svært vanskeleg år, og klimaet er meir ustabilt enn nokon gong.

I Quinta do COnde har det vore ein uvanleg kald vinter med ned til minus tre grader, eg har lært meg å spele introen på "Nothing else matters" på gitar, byrja på treningssenter og fått ny klasse.

Nyttårsafta vart tilbrakt i Lisboa med Juan og Charlotte, i stappfull metro, og med etterkvart heftige gnagsår pga for mykje vandring med høghælte sko. Fyrverkeriet var utruleg, og me fekk dansa til kl 4-5 i Club Havana før me vart henta og drog til Juan for å sove. Dagen derpå fekk eg besøk av Louis (New Zealand) som var helga over. Laurdagen hadde me eit lite AFS-treff i Lisboa med 8-10 stk frå området.

I juleferien gjorde me ikkje mykje. Mat, mat, maaat. Fekk verken dratt til Setúbal som planlagd eller noko. Ikkje at det overraska, for har ein tendens til å vere litt slakke med løftene.
Både reker, den berømde "bacalhau da Noruega", lam, kalkun og eit utal av kaker gjekk ned i løpet av romjula.

Juleafta var ikkje store greiene faktisk. Heller laber stemning pga "fyrste jul utan kone/mor" for Pedro og Mariana, fram til midnatt og gåveåpning.
Eg bekymra meg for at folk ikkje skulle huske meg då eg reiste frå alt kjent og kjært, men eg ende opp med å få fleire pakkar enn nokon gong før:)
Takk til alle (dykk veit sjølv kven) :)

Etter ferien byrja eg i 11A. For ein fryd:) Kunne ikkje fått betre klasse. Å ha realfag og vanskeleg matte igjen er herleg, sjølv om eg heng litt etter, og lærarane er mykje betre enn i den gamle klassen. Det er ikkje noko eg angrar på i alle fall.
Har funne ut no at den fyrste klassen ikkje var noko tess i det heile. 11A er ein stor familie, folk er generelt ganske merkelege, men utruleg kjekke, og etter ei veke var eg gode venner med nesten alle. Har vore der i tre veker no, og har allereie vore med ein gjeng eit par gangar for å syngje singstar, spele gitar/piano/kva elles som var i nærleiken, eller berre hengje i parken eller kantina når me ikkje har lærar. Herlege.

På torsdag hadde eg ikkje skule. Dei andre hadde nasjonal matteprøve frå 11 til 1, så eg kunne vere heime å slappe av. Halv 2 gjekk eg til skulen og møtte ein gjeng der, og me gjekk omlag 20 stk for å handle mat, og etterpå til huset til Pedro i parallellklassen. Der stellte me i stand grilling etc, spelte kort og berre koste oss.

I dag har eg vore på "canoagem" (kano-ing?), og tenk dykk, eg har heftig skille på låra ette våtdrakten. Og det er ennå januar. HAHA.

Neida, ikkje vert for misunnelege, det er ikke akkurat somar her endå. Eg byggjer opp min 17 forkjølelse denne vinteren, og i det siste har det regna mykje. Men sola er sterk når ho først er framme, ingen tvil om det. Eg har ein lite pen forestilling om ei cyklamefarga Julie som kjem heim ein gong i somarferien. Lovar dykk, det vert solkrem kvar dag når regntida her sluttar.

Og elles?
Trur eg nådde toppvekta mi litt etter juleferien. Nokonsinne, med unntak av evt graviditetar og liknanger unnskuldningar. Ikkje kom og sei at utveksling ikkje feitar. 8 kg.
Jaja, eg har vore på treningssenter her no i nesten ein mnd, og er på veg ned att:) Herleg å byrje å trene igjen. Det går i litt av kvart, hiphop, latina, muskulatur, spinning osv.
Vittig. Om kvelden når eg kjem er det alltid eit par bolemongoar eller 5 der som går rundt og flekser dei sprengte kroppane sine. Og trenaren som jobbar der er sikkert 65 år, og har enno unormalt stor overkropp. Og er fan av meg. Det er ikkje normalt at jenter trener, og iallfall ikkje at dei har muskler, så han fryder seg når eg kjem frå dansing ("Du gjer jo alt du!") og tar beinpress f eks ("Det er nokre musklar der,ja." "ja, eg spelte fotball" "eey, fotballspelaren vår") og etterpå spring to km på tredemølle for å trene til Corta-Mato.
Ja, det er sant, på torsdag skal eg døy nok ein gong. For to veker sidan drog me i buss til Sesimbra for å springe Corta-mato mot fem andre skular i området. Jenter er småslappe, som sagt, så me var berre 4 juniorar. Eg vant. Haha.
Så det bærer til Setúbal den 5. for neste runde. Vert eg blant topp 6 eller noko, skal eg til Lisboa og springe i det nasjonale løpet. Skremmande tanke, men skal prøve likevel. Tenk så vittig å kome til nasjonal konkurranse! Sjølv om eg ikkje gidd å få for stort håp. Det må da snart vere nokon som faktisk er godt trent. Nektar å tru at det ikkje fins jenter i landet som spring som meg, og eg har jo ikkje trent mykje ein gong. Tragisk:P

Og ellers? Jau, min første far her har lånt meg gitaren sin, så no sit eg her med såre fingertuppar etter å ha spelt i sikkert 3 timar i går. Føles godt å spele noko igjen:)

Når det har gått så long tid greier eg ikkje ein gong å hugse kva som har hend, så dette vert nok ikkje komplett referat, men pytt.

Eg har begynt å delta i portugisisktimane i stadenfor å ha tulleoppgåver for utlendingar. Det er kjekt, faktisk. Spesielt sidan eg i går var den einaste som hadde ein haug gramatikkoppgåver riktig:)
Det seier vel litt om språket her, syns eg. Herre jemini. Dei er 16 år, og treng enno å gjere gramatikkoppgåver og lære forskjellane på div verbtider og konjunktiv og andre herlegdomar. Komplisert språk sa du? I dei siste åra av skuletida er det enno naudsynt. Jøss.
Men eg byrjar å få grepet på det:) Forstår alt, kan alle verbformane stort sett, skriv nesten perfekt, men manglar enno ordforråd (trur aldri det vert dekkja - den portugisiske rettskrivingsordboka er på 5000 sider har eg høyrd, og tvilar heller ikkje), og ønskjer ganske intenst å fjerne den stygge norpiske aksenten min. Men det er jo enno eit par mnd igjen til å jobbe med slikt.

I DAG ER EG HALLVEIS. Hjølp. Eg har mista kontrollen over tidtakinga. På ein måte kjennes det som om eg har vore her i ti år, på den andre sida verkar det som eg kom i går. At det går for fort er det ikkje tvil om, men det har eg moglegvis nemnd før:P

Anna som hender? Fotballkampar i bingen med Dúlio og folk i helgene (hahaha, det gjekk så langt at Dúlio fekk nokre guttungar til å tru at han var den personlege trenaren min, sidan eg var proff. Fett nok det, har ikkje trent fotball på over ei år!)
Det har vore streik igjen på skulen, og trur det kjem ein i februar óg.

Eg har fonne ut noko:
I generelt perspektiv er norsk ungdom ein tragedie. Rett og slett. Ikkje dykk som les dette, så klart, men generelt sett. Fy søren. Ein gjeng bortskjemte, kvalme dritungar. På torsdag kom Matilde bort og stakk bokstavleg talt fingen inn i auga mitt. "Brukar du sminke?". Og dei som kjenner meg vei at eg brukar ca 2 gram maskara, og at det heime vert rekna for ingenting. Nesten Ingen av jentene her bruker sminke, og merkeleg nok syns eg dei er søtare enn mange norske. Eg fryda meg stort då Ana Lúcia (i den forrige klassen) hadde teke på seg brunkrem, og alle kom bort og rett og slett lo av henne(ikkje vondt meint, så klart) pga brunkremskille. Kvifor kan ikkje folk vere litt naturlegare heime? Det er MYKJE igjen å lære.
Ein merkar det liksom i lufta at folk her er meir jordnære på ein måte. Klassen min er mektig opphengt i "Klimaklubben" dei har, og det er inga skam å gå ei to minutts omveg for å hive søppel i den rette dunken.
Her kan ein liksom prate om, kva skal eg kalle det.. , "viktige ting" utan å nokon gong verte sett på som nerd eller noko. Eg seier ikkje at det ikkje er mogleg heime heller, men der får ein gjerne ein kjensle av å bli stempla som "ukul" dersom ein t.d. går inn i ungdomspolitikk.
Her går jo til og med elevane i streik for å støtte lærarane. Tenk dykk, frå 7.-8. klasse. Hadde det hend heime?
Heime gidder folk ikkje ein gong å møte opp for å vise sin støtte for nynorsken, ein av dei viktigaste delane av kulturarven vår.
Folk bryr seg. Om dei rette tinga, og ikkje om bagatellar. Alle er seg sjølv fullt ut, og vert aksepterte slik. Klart det er folk som ikkje likar kvarandre, men dei er ikkje falske for å bli likt, og er det gnisningar, er det inga løyndom, då likar dei ikkje kverandre, folk veit det, og ferdig med det.
NOKO Å LÆRE.

Idag fyller Juan 17, og litt seinare skal eg og Tilmann på bursdagsmiddag. Mora hans inviterte oss, og han veit det ikkje. Skal bli kos:)

Nå vert det ikkje meir akkurat i dag. Håpar det er litt å kose seg med den neste månaden. Hahah, sorry Hallvard, men det kan fort skje;)