15. mai 2009

Livsteikn i finvéret:)

Oppdatering er eit ord eg aldri har forstått.

Tenkte eg skulle blogge igjen, men før eg får satt meg ned, har det gått tre veker.


Eg kan starte med det negative og deretter spe på med kjekke ting.
AFS Portugal er ikkje verdas best organiserte organisasjon. Eg kom ikkje til Algarve med Cassidy i påsken berre på grunn av somling, og eg vart her, og ferien var i det heile ganske sløv. Heldigvis kom min yndlingsfamilie frå Tomar og henta meg, så eg var der fem dagar. Og eg må ikkje gløyme at Nikolai kom på besøk siste helga, og me fekk vore litt turistar i lag med Dúlio og Maria, kjærasten han. Veldig koselig:)

Ikkje høyrde eg meir om familie heller. AFS kom innom ein mondagskveld, men det fekk me ikkje noko særleg utav nokon av oss, då det var mest unyttig prating. Etter det endra intet seg, og dei tok aldri meir kontakt.
Eg skreiv eit dundrande klagebrev, og då var det "takk for at du delte meininga di med oss" og så ville dei at eg skulle kome og utveksle idear med dei, men eg er stort sett alltid blakk, så eg kom aldri så langt.
Eg har overgitt meg med hensyn til det. Eller, eg har heva meg over det, og gidd rett og slett ikkje bruke energi på det. Eg kan ikkje gjere noko med det likevel. Her. På den andre sida har eg meldt meg som frivilleg i AFS Norge. Kan i det minste prøve å forhindre at det hender andre studentar etter meg, og vende ubehagelege erfaringar til noko positivt:)

Herleg å byrje på skulen etter påsken. Kjekke folk:)
Etter å ha fått sosialisert meg litt igjen, drog eg til Monica (California) i Cascais fredag-laurdag, og me fekk ha jentekveld med film og prating heile nattå. Søndag såg eg landsmesterskapet i bryting - Ana Lisa frå klassen vant.

Eg har alltid flaks. 20 - 25/4 var sportsuke på skulen. Difor hadde me ikkje gym, og mondag gjekk me og spelte fotball i bingen i stadenfor. Eg greide å vri om ankelen noko inn i granskauen, heilt på eiga hand. Herleg.
I løpet av to minutt hovna heile greia opp til ein raud og dunkande klump, og ettersom eg er sta som eit esel, gjekk eg dei tre km heim etterpå, og fortsatte med å gå til skulen. I dagane som fulgte vart han lilla og grøn, og det heile var ganske vakkert.

Sportsveke ja. Fin ting, med andre skular i området som kom til vår for å delta. Og eg var skreve opp på tre ting, og MÅTTE berre, til tross for stygg halting. Volleyballturnering tirsdag, onsdag nekta læraren meg å delta i sprint (forstår ikkje kvifor, eg greier å springe fort med vond ankel og!), og høgdehopp etterpå gjorde litt for vondt. Torsdag var det ein kjekk gjeng inn i ein buss, og så bar det til Lagoa de Albufeira med padling. Greit nokk at eg og Mariana var dei einaste jentene i vår gruppe, men LIKEVEL slo me gutane i hastighet! HAHA.
Det var kos.

Fredag var det avslutning, og me fekk lurt lærarane til å la oss få sleppe undervisning og såg akrobatikk og utekonsert med skulen sine band ute i den steikjande sola. I løpet av den siste månaden har me hatt mange svært varme dagar. Trur allereie me har vore oppe i 35 gr.

25/4 er Portugals frigjøringsdag, då det i 1974 var revolusjon som velta diktaturregimet, og mange av dei siste koloniane vart sjølvstendige.
Det var laurdagen, og fredag vart eg med Daniela til ei venninne i Seixal, kor me drog på konsert med "Xutos e Pontapés" - portugals svar på DumDum Boys. Starta med fyrverkeri midnatt, og etterpå stod me og hoppa (framleis med vond ankel) i lag med folk frå klassen til klokka 3.
Kom heim til croassantar og berlinerbollar (IKKJE kom hit og sei at det er lett å unngå å leggje på seg), og sovna i 5 tida.

Mandagen etter var ankelen min litt mindre fråstøtande, men det verka på ein skremmande måte, så eg gjekk heim frå fysikken, og me kjørte til sjukehuset i Almada (Lindaaa, våre første minner!). Fantastisk annleis.
Måtte sitje og vente på at dei ropte meg opp i høgtalarane i eit bråkete venterom, og berre pasienten får kome inn, og i den første korridoren var synet som møtte meg masse trillesenger med sjuke og skada i midt i det heile.
Eg sneik meg forbi, venta ein evigheit på røntgen, og fekk vite at alt var bare bra - bortsett at ankelen var forstua. Ingen trening i to veker. Æsj.

Det neste store, omveltande som skjedde var at mine EKTE foreldre kom på besøk. Snålt, eigentleg. For dei som har tenkt seg å dra på utveksling; det er ikkje nødvendig å få besøk av familien. Eg vil råde dykk til å la vær. Det var koseleg, men situasjonen kan skape litt gnissing, og når du først har prata med dei, ser du at alt er ved det same, og du like godt kunne venta to mnd meir.
Men for at ingen av vedkommande skal verte sinte på meg; det var svært koseleg, og endeleg nokon å prate med som kjenner meg skikkeleg, og veit korleis eg er.
Om ikkje anna, fekk eg vore meir turist den veka enn eg har vore resten av året.
Me såg "West Side Story" i Lisboa, drog til Sintra, Cascais, endeleg kjøpt nye klede til meg, og så endte alt i helga då me drog til Tomar i lag. Herleg:)
Søndag drog eg heim igjen, og dei vart der for å fortsette sin europareise mot nord.

Må berre nemnast; torsdag hadde klassen nasjonal eksamen - Julie hadde fri. Me drog til Cascais og overnatta hos familien til Monica, og var på stranda. Fredag morgon drog eg til Lisboa for å møte klassen og dra på studietur, før eg fortsatte til Tomar med dei gamle.
Møttes i Belém på ein skule for døve. Eg angrar ikkje på at eg vart med i det heile. Det var superinteressant. Eg vart heilt inspirert, og fekk litt lyst å jobbe med slikt. Det er som å komme til ei anna kultur, då du ikkje forstår noko av kva dei seier - alt går på teiknspråk. Då er det plutseleg du som kjenner deg annleis, sjølv om det nok er dei som vanlegvis får merkelege blikk. Utruleg spanande å få svar på korleis dei greier seg i kvardagen, om dei høyrer musikk osv.
Og eg har aldri møtt så imøtekomande menneske. Eg gleid rett inn; eg har jo erfaring med å vere framand, i motsetnad til resten av folka frå skulen min som klumpa seg litt saman.
Og sjølv om ein ikkje kan snakke saman, er det lett å kommunisere. Mange av dei er berre halvdøve, og greier å prate forståeleg, og var det noko eg ikkje fatta, var det nokon til å oversetje. Men mange ting med teiknspråk er ganske opplagte, så klart.
Dei fascinerte meg. Dei har rett, dei er jo ikkje annleise, dei har berre eit problem med øyrene.
Tenkje seg, me spelte fotball med dei; vår skule mot dei døve. Dei knuste oss, og ingen prata saman. Er mykje meir observante vil eg tru.
Og så fekk me sjå korleis dei spelar musikk. Oppvising i gymsalen med stortrommer og dansing. Dei kjenner vibrasjonane dersom dei ikkje greier å høyre lyden. Fascinerande. Alle i takt, og dei hadde danseoppvisning, og dei kan ikkje høyre.
Eg drog ikkje med klassen tilbake, då eg skulle møte foreldra mine i Lisboa og dra til Tomar. Fekk selskap på bussen heilt til den siste stasjonen, og fekk lært alfabetet på LGP (portugisisk teiknspråk. Ja, dei har eit i kvart land, slik som andre språk - til og med dialektar) på vegen.

Det manglar tre veker på skulen. Sjukt. No er me nedlessa i prøvar og gruppearbeid, og alle er bra leie.

I dag var me hos Daniela etter skulen i selskap, for ho hadde bursdag i går. Eg er mett enno. Forstår godt at ho er litt rundt, for makan til god mat! Eg som ellers har tatt av to kg dei siste to vekene fekk brutt mine nye matvanar. Jaja, det får gå for ein dag.

Ellers har eg det bra:) Det som har hendt, har hendt, og er fortid. :) Ingenting er umogleg:)
Eg har nokre augneblikk, som i går kveld, då eg vart trist, men då er det fordi eg innsjår at tida går. Eg saknar heime no, og det skal bli godt å setje føtene på norsk fjell att, men eg har ikkje lyst å dra herifrå. Det vert vanskeleg. I dag er det akkurat 6 veker igjen. Eg veit ikkje kor dette året har vorte av.
Det er ikkje berre berre når eg byrjar å innsjå at eg snart er vaksen. Den lykkelege bobla av uskuldeg ungdomstid har brista, og når eg kjem tilbake, har vennene mine sertifikat, eg vert myndig, folk har endra seg, flytta, og sjølve denne magien frå oppveksten vil vere borte.
Det vil ikkje vere så gøy å vere vaken heile natta, sjå ein film med 18årsgrense har mista spenninga, dei uskuldege forelskelsane vil vere forbi,kranglar med foreldre er overstått og me flytter heimefrå- no er me jo vaksne. Me kan gjere som me vil, og skal ta vare på oss sjølve.
Tru det eller ei, det verkar ikkje så fristande på meg.
Å vere 16 for alltid hadde ikkje plaga meg i det heile tatt:)

Men for all del, skal ikkje sløse vekk livet mitt på melankoli. Har endå eit år igjen i Sauda, og russetida skal bli topp!

Forresten skal eg feire 17. mai på søndag på den Norske Ambassaden i lag med de andre nordkvinnene som kjem nedover:)

Må halde fokusen og vere glad for at eg har hatt ein så bra oppvekst, med så mange gode minner:) "Ikke gråt fordi det er over - smil fordi det skjedde" seies det.
Tunge stunder vil alltid eksistere, men det nytter ikkje å sitje og sutre over alt som ein gang var.

The best is yet to come!:)






P.S. Eg har lagt på meg masse på hendene. Normalt ja, pølsefingrer.

1 kommentar:

Anonym sa...

Det er nok med en k i nok :)

- Norskpolitiet.