Ingen info frå AFS sidan eg fekk vite om velkomstfamilien.
Eg tok problemet i eigne hender og brukte størstedelen av ein time på å komponere eit forhåpentlegvis forståeleg brev på portugisisk til vertsmamma Sara.
"Æh, sjekke sikkert ikke mailen så ofta de.." Wrong. Berre eit par timar etter var det 1 ny i innboks, signert "your portuguese mom":) Aaw, rørande:)
Etter nok ei lita stund med den tjukke ordboka mi, fekk eg tolka det.
Ho var imponert over at eg hadde skreve på portugisisk, og at dei gledar seg veldig til å møte meg:) Dei vil gjere alt dei kan for å gjere tida mi hos dei så kjekk og behageleg som mogleg heilt frå fyrste stund.
Dei har allereie nokre planar om å "behalde" meg:)
Huset er visst ikkje så stort, men det gjer berre at familien er nærare knytta, og at huset er meir imøtekomande.
Har fått mail-adressa til Dúlio, min komande storebror, og eg skal få bilete av han på msn.
Herlighet, eg vil reise no! Det verkar heilt perfekt<3
Må passe på å ikkje få for store forventingar eg no^^,
27. august 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Gratulerer med at du har fått hørt litt fra vertsfamilien :D
Men shit, skreiv du på portugisisk? Æ e imponert! Og sjokka! Og sjalu! ;o
:p
Så sinnsykt bra at du skreiv på portugisisk. Det e godt gjort! Lykke te , Julie ! <3 du e tøff :D
Legg inn en kommentar